SFO-plass

  • Frist for å søka SFO-plass er 1. mars kvart år.
  • Du søker plass i Visma Flyt Skule.
  • Du må endra eller seia opp plass 3 månadar før du vil det skal gjelda.

Søknadsfrist

Fristen for å søka om SFO-plass er 1. mars kvart år. Dersom du søker seinare enn 1. mars, kan rektor innvilga søknaden dersom det ikkje er fullt.

Slik søker du

Du søker om plass i det skuleadministrative systemet:

Visma Flyt Skule 

Endra eller seia opp SFO-plass

Du loggar på Visma Flyt Skule for å gjera endringar eller seia opp SFO-plassen.

Merk at ein beheld plassen på SFO til den vert sagt opp.

  • Søknadsfrist for endring av plass er 3 månadar.
  • Søknadfrist for oppseiing er 3 månadar.

Kontaktinformasjon

Nils Erik Eide
Kommunalsjef
Kommunedirektør
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 65 35
Mobil 982 86 872