Takstar for SFO 2023/2024
Takstar for skulefritidsordninga (SFO) gjeldande frå nytt skuleår 2022-2023
Betaling blir for 10 månader, halv pris i august og juni. Merk at feriepakkar skal avklarast med skulen. Datoar står i vedtektene for SFO § 6. Det er kommunestyret som vedtar takstane for SFO i samband med budsjettbehandlinga.
Gratis kjernetid for 1. klassingar frå hausten 2022
I statsbudsjettet for 2022 blei det vedteke 12 timar gratis SFO for elevar på 1. trinn. Ny forskrift i tråd med den nye ordninga har vore på høyring og gjeld frå skuleåret 2022/2023. Føresette treng difor ikkje søka om gratis kjernetid, dette vil komme til fråtrekk automatisk for alle på 1. trinn.
Du har rett på redusert foreldrebetaling om maksimumsprisen for SFO er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller hushaldet.
Dette er ei nasjonal ordning som gjeld for 1.-4.trinn.
Ordninga gjeld berre etter skriftleg søknad til kommunen.
SFO for barn i 5.-7. klasse med særskilte behov
De kan søka om gratis SFO-tilbod for barn i 5.-7. trinn med særskilte behov. Kva som er «særskilte behov» skal ifølge lovverket sjåast i samanheng med krav i lova om at barn med nedsett funksjonsevne skal ha gode utviklingsmoglegheiter, jamfør opplæringslova § 13-7 andre ledd. Dette tilbodet må de søka om på ny kvart år. Betaling for kost kjem i tillegg. Ta kontakt med skulen v/rektor for å få informasjon om søknadsprosedyre.
Vilkår
- For 2022 gjeld ordninga for hushald med ei samla inntekt som er lågare enn 491.667 kroner per år (om du har full plass). Inntekta må dokumenterast.
- Barnet eller barna må ha stadfesta plass i SFO, og hushaldet må ha ei faktisk utgift til SFO.
- Ordninga gjeld per barn per år for eit skuleår om gongen.
- Søkar må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet eller barna.
Slik søker du
Du skal fylla ut søknadsskjemaet og senda det til kommunen.
Søknadskjema om redusert betaling i SFO for skuleåret 22-23 (PDF, 241 kB)
Søknadsfrist redusert foreldrebetaling
Ordinær søknadsfrist for 2022/2023 er 1. august. Søknadane blir behandla fortløpande. Det kan ta inntil 3 veker før du får svar. I sommarferien kan ein rekna med lengre behandlingstid.
Du kan i tillegg søka gjennom heile året. Om du søker etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet. Dersom rekning for perioden allereie er sendt ut, skal du betala sjølv om prisreduksjonen er gitt. Prisreduksjonen vert trekt frå på neste faktura.
- Når fleire søsken er fast innmeldte i SFO, blir det betalt full pris for det barnet som har lengst opphaldstid.
- Barnet som har nest mest tid får 30 prosent søskenmoderasjon.
- Dersom det er fleire enn 2 søsken, får dei 50 prosent rabatt kvar. Rabatten gjeld og på feriepakke.
- Barn som går over frå barnehage til 1. klasse i august, og bestiller feriepakke i SFO, får refundert satsen. tilsvarande ei veke av feriepakka i SFO då dei har betalt barnehageplass til 15. august
Det vert sendt faktura etterskotsvis kvar månad med betalingsfrist på 2-3 veker.