Barnas kommunestyre

Barnas kommunestyre består av elevrådsrepresentantar frå dei ni skulane. Frå dei tre 1-10 skulane er både småskulen og ungdomsskulen representert. Det er to møte i året, eitt haust og eitt vår. Ordføraren leiar møta på same måte som kommunestyremøta.

 

Frå barnas kommunestyre i mai 2022. Svein Carlos Gjil

Bakgrunn

Kommunestyrevedtak i 2011, KS-083/11, vedtak samrøystes:

  1. Det blir innført eit ”barnas kommunestyre” i Vindafjord som har eit eller to møte i året. Ordførar leiar  møtet.
  2. Kvar barneskule har to representantar i kommunestyret, kvar ungdomsskule  har to tilleggsrepresentantar.  valet skal normalt skje om hausten for  eitt år. Ved oppstart gjeld valet ut skuleåret 2012/13. Fyrste møte blir våren 2012, og ordninga skal evaluerast våren 2015. Elevrepresentantane må vera godt forankra i elevråd på kvar skule. Skulane må leggja til rette for at elevane ved skulen arbeider med dei sakene som skal opp, før møta i Barnas kommunestyre.

Organisering

Det skal vera to møte per skuleår, medio november og april. November er kontinuering – og skulane har valt nye representantar på førehand. Skulefagleg ansvarleg kallar inn til møtet og skriv referat.

Tidsrom 1030 – 1230 i kommunestyresalen på rådhuset. Servicetorget ordnar med buss og mat. Elevane får skyss til og frå skulen slik at dei når skulebussane når dei skal heim.

Innhald

I novembermøtet får nye representantar høve til å stilla spørsmål til ordførarar. I aprilmøtet er hovudsaka bevillingssaker – der kr. 40 000,- blir fordelt på skulane.For begge møta gjeld at skulane skal senda inn svar på førehand.

Elevrådet førebur saker og sender inn til i god tid til ordføraren.

Innkalling blir sendt til den vaksne elevrådsrepresentanten med kopi til rektor. Dei tek utskrift av innkallinga og gir til elevrepresentantane.

Typisk agenda for barnas kommunestyre

  • Matøkt
  • Velkommen
  • Namneopprop
  • Godkjenning av innkalling
  • Godkjenning av sakliste
  • Godkjenning av møteprotokoll
  • Saker
  • Eventuelt

Les artikkelen om barnas kommunestyre 13. juni 2023

Les artikkel om barnas kommunestyre 6. desember 2022

Les artikkel om barnas kommunestyre 24.mai 2022