Barnas kommunestyre sitt haustmøte gjennomført

Tysdag 6. desember hadde Barnas kommunestyre nytt møte på Rådhuset. Elevrepresentantar frå dei ulike elevråda stiller i Barnas kommunestyre, der ein drøftar ulike saker som vedgår dei og resten av kommunen.

Ordførar, Ole Johan Vierdal, fortel om kommuneplanarbeidet. Svein Carlos Gjil

Det var 24 engasjerte elevar frå dei ulike skulane. Etter namneopprop var første saka opplæring. Deltakarane fekk først innføring i historia til Vindafjord kommune. Etterpå gjekk ein inn på kva ein kommune er og skilnaen på administrasjon og politikarar, budsjett og kommuneplan. Ordføraren viste fram kjedet og kommunedirektøren var også innom. Møtet avslutta med førebuing til neste møte der ein mellom anna skal fordela 40 000 kroner til ulike tiltak.  

Les meir om Barnas kommunestyre her