Barnas kommunestyre 21.01.25

Tysdag 21. januar 2025 hadde Barnas kommunestyre nytt møte på Rådhuset. Elevrepresentantar frå dei ulike elevråda stiller i Barnas kommunestyre, der ein drøftar ulike saker som vedgår dei og resten av kommunen. Og litt av opplegget er at dei også får litt opplæring. 

Einingsleiar areal og forvaltning Thomas Vestbø Anita J. Grindheim

Barnas kommunestyre blir leia av sjølvaste ordføraren, Ole Johan Vierdal. På saklista stod opplæring om kommunen, i dag var det einingsleiar for areal og forvaltning Thomas Vestbø og kommunalsjef for økonomi Vegard Bang som hadde det for medlemmene. Elevrådsrepresentantane på alle skulane våre blei i dag skyssa inn til rådhuset i Ølen, der dei fekk lov til å stilla spørsmål til ordføraren. Dei fekk sjølvsagt servert pizza og brus. 

Kommunalsjef økonomi Vegard Bang Anita J. Grindheim

Les meir om Barnas kommunestyre her