Fordelte 40.000 kr til gode tiltak

Tysdag 13. juni hadde Barnas kommunestyre nytt møte på Rådhuset. Den store saka denne dagen var bevilgningsaka. 

Frå Barnas kommunestyre 13. juni 2023 Svein Carlos Gjil

Dei 22 engasjerte elevane frå dei ulike skulane skulle fordele omlag 40 000 kroner til ulike tiltak. Det var mange gode forslag og ønskje, reflekterte og rettferdige elevar gjennomførte fleire gruppemøte før dei var klare for avstemming om fordelinga. Det enda med følgjande fordeling: 

  • Skjold skule 12 980 kroner (benker) 
  • Vikedal skule 6 000 kroner (fotballnett, volleyballnett og ballar) 
  • Vats skule 5 000 kroner (gapahuk)
  • Sandeid skule 7 000 kroner (dele opp, male uteområde og sitteplasser) 
  • Imsland skule 4 500 kroner (bordtennisbord, ballar og utstyr) 
  • Bjoa skule 5 000 kroner (klede til rolleleik og speil)