Over 400 deltok på tverrfagleg konferanse for barn og unge

Den årlege Heile Laget Rundt Barn og Unge konferansen (tidlegare PåGlimedBTI) blei arrangert denne veka. Målgruppa for konferansen er alle som jobbar med barn og unge, i tillegg til politikarar og kommuneleiinga m.fl. 

Deltakarane finn plassene før det heile set i gong i Skjold Arena. Over 400 stk i talet. Nils Erik Eide

Konferansen, som var på Skjold Arena, starta så fint med kulturelt innslag av Lasse Jarmer (piano og Anita Jørstad Grindheim (trompet). Dei hadde også eit innslag etter lunsj, der duoen framførte eigenkomponert melodi av Lasse Jarmer. 

Anita J. Grindheim og Lasse Jarmer stod for det kulturelle under årets konferanse Nils Erik Eide

Etter nydelege tonar så var det dags for opning og velkommen til konferansen ved to av komitemedlemmene, Kristine H. Strand og Pål Askvig.

Kristine H. Strand og Pål Askvig ønskte velkommen Nils Erik Eide

Dei introduserte førelesaren som hadde første del av dagen fram til lunsj. Det var vår eigen, barnevernsleiar Turid Askeland, som hadde føredrag om førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar.  Vindafjord kommune held i desse dagar på med ein plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar, der Askeland er prosessleiar. 

Barnevernsleiar Turid Askeland Nils Erik Eide

Det var fleire einingar og tenester som hadde laga til stands, som deltakarane kunne besøkja i løpet av lunsjpausen, i tillegg til å få i seg litt mat. 

Etter ein velfortent matpause var det dags for dagens andre headliner, nemleg Beate Gauden få RVTS Vest. Ho hadde tema trygge vaksne i møte med barn som har det vanskeleg. 

Beate Gaude, RVTS Vest Nils Erik Eide Beate Gauden saman med komiteen for Heile Laget Rundt Barn og Unge i ein av pausane, f.v Pål Askvig, Kristine H. Strand, Ane Kesia E. Fatland og Maren T. Hustoft. I bakgrunnen skimtar ein nokre av dagens stands. Nils Erik Eide Over 400 tilsette som jobbar med barn og unge følger godt med under Beate Gauden sitt føredrag. Pål Askvig Beate Gauden avslutta med å få med alle på latter yoga Pål Askvig Litt takk og gåver til dei som bidrog var det også rom for. Komitemedlem Ane Kesia E. Fatland deler ut. Nils Erik Eide

Kommunalsjefane Sigurd Gjerdevik (helse/omsorg) og Nils Erik Eide (oppvekst) avslutta årets konferanse med nokre oppsummerande ord. Saman med Halfdan Krohn-Brekke (samfunssutvikling) utgjer dei styringsgruppa for Laget Rundt Barn og Unge (LRBU). Sistnemde vart forhindra og kunne ikkje delta. 

Glimt frå "PåGlimedBTI" konferansen 2024

Vellukka "PåGlimedBTI" konferanse 2023