Om folkehelse

Kommunen skal ha «folkehelse i alt me gjer». Overordna mål for kommunen er å fremja befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold. 

Folkehelseoversikta for Vindafjord kommune 2020-2023 er eit kortfatta og oversiktleg dokument over våre satsingsområde og viktige utviklingspunkt framover. Våre 5 satsingsområde er:

  1. Lære heile livet
  2. God nok heile livet
  3. Alle med heile livet
  4. Aktiv heile livet
  5. Leve heile livet

Arbeidet med folkehelse i kommunen er organisert gjennom folkehelseforum. Folkehelseforumet er tverrfagleg med representantar frå alle fagområda i kommunen.

Folkehelseforumet skal samordne og koordinere arbeidet med folkehelse gjennom året. Det er i hovudsak årlege tiltaksplanar som styrar aktivitetsnivået og folkehelseforumet utarbeidar desse kvart år. Forumet følgjer opp partnerskapsavtalen for folkehelse. I samsvar med denne får kommunen tilskot til folkehelsearbeidet. Forumet har vidare ansvaret får arbeidet med og revisjon av folkehelseoversikten og skal sørgje for ein løpande oversikt.

Tiltaksplanen for 2021 (PDF, 159 kB) har hovudfokus på fysisk aktivitet og gode sosiale treffpunkt.

Prosjekt trygge foreldre på Haugalandet 

Våren 2020 fekk fem kommunar på Haugalandet i nord-Rogaland tilsagn om deltaking i Program for folkehelsearbeid i kommunene, med tilskotsmidlar via Rogaland fylkeskommune. 

Gjennom prosjektet vil Haugesund, Karmøy, Tysvær, Sauda og Vindafjord kommune iverksetje eit universelt helsefremmande og førebyggande tiltak retta mot alle nye foreldre. 

Velkomen til foreldrekurs i Vindafjord

Helsestasjonen i samarbeid med familieteamet tilbyr gratis foreldrekurs til førstegongsforeldre som har barn i alderen 6 månader til 3 år. Kurset passar for alle. Du treng ikkje oppleva foreldrerolla som vanskeleg, eller at barnet ditt har behov for noko spesielt for å delta.

Meir om påmelding og tidspunkt for kursrekka .  

Alt om prosjektet trygge foreldre på Haugalandet

Føringar for folkehelsearbeidet

Lov om folkehelsearbeid 

Oversikt over folkehelsen i Rogaland 

Folkehelseoversikt for 2017-2020  (PDF, 2 MB)

Kommuneplanen (PDF, 4 MB)

Siste oppdateringar

Resultata frå  folkehelseundersøkinga i Rogaland i 2020.

Resultat frå Ung-data i Vindafjord 2020

Folkehelseprofil for Vindafjord 2021 (PDF, 2 MB)

Utvida folkehelseprofil Vindafjord 2020 (PDF, 497 kB)

Folkehelsemeldinga “Gode liv i eit trygt samfunn”

Kvalitetsreforma “Leve hele livet»

Bustadanalysen (PDF, 9 MB)

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Inger Kathrine  Sundve
Inger Kathrine Sundve
Logoped / oppvekstkoordinator
Oppvekst
E-post
Mobil 97 57 49 54