Hogst

Skogbruksplan med miljøregisteringar gir skogeigar informasjon om skogressursane og miljøverdiane på eigedommen. Dette er det viktigaste verktøyet skogeigaren har for å driva eit aktivt og berekraftig skogbruk. Basert på den kan skogeigar forvalta skogen på ein økonomisk og økologisk forsvarleg måte. 

 

Kva du bør tenka på før hogst

Heftet «Tømmersalg for dummies» gir meir informasjon om kva ein skogeigar må tenka på ved hogst og sal av tømmer. 

Annan nyttig informasjon:

Er bestandet hogstmodent?

Før hogst av skogen bør skogeigaren vurdera om skogen er moden for hogst. Bonitet, alder og tilvekst påverkar om skogen er hogstmoden. Slike data står i skogbruksplanen.

Det er i slutten av omløpet den største volum- og verditilveksten skjer. Høgg ein for tidleg kan ein gå glipp av store verdiar sjølv om tømmerprisen er god.

Tap ved tidleg hogst, faktaark frå Skogkurs


Kontakt skogansvarleg i kommunen ved behov for nøytral rådgjeving.

Planlegg veg før hogst

Før hogst er det viktig i god tid å tenka over om det er behov for bygging av nye bil- eller traktorvegar eller til dømes ombygging av traktorveg til bilveg. Kanskje er eit felles veganlegg for mange skogeigarar den beste løysinga.

Det er høve til å søka kommunen om tilskot både til skogsbilvegar og traktorveg klasse 7. Vegar som gir gode framtidige løysingar for skogbruket har høgast prioritet.

Om bilvegen er på plass før hogsten tar til, kan du oppnå

  • kortare terrengkøyring og lågare driftspris.
  • rett avsetting til skogfond og utnytting av skattefordelen ved investeringa i veg og skogkultur.

Statsforvaltaren i Rogaland er med på å finansiera ein vegplanleggar med god kompetanse innan planlegging og prosjektering av skogsbilvegar med Rogaland som virkeområde.

Val av hogstmåte og foryngingsmåte

Etter hogst av barskog er skogeigar er plikta til å sørga for ny forynging innan 3 år etter hogst. På høg bonitet er det viktig å koma raskt i gang med eit nytt omløp før det blir for mykje konkurrerande vegetasjon på flata.

Val av hogstmetode bestemmer også foryngingsmåten.

Etter flatehogst er planting av gran som regel den beste og einaste løysinga, særleg på høg bonitet.

Furu trivst best og gir best vekst og kvalitet på middels til låg bonitet. Eit vanleg skogbilete i Vindafjord er blandingsskog av furu og lauv på middels til høg bonitet. Her kan treslagsskifte til gran gi grunnlag for produksjonsauke på arealet.

Nokre få stader i kommunen veks furu av særs høg kvalitet – rettvaksne tre med lita, grøn krone og liten avsmalning på stamma – på bonitet godt eigna for furu. Her bør forynging ved frøtrestillingshogst og eventuelt markriving vurderast.

Der kulde, vind eller tørke kan gjera det utfordrande for dei nye skogplantene å klara seg, kan gjensetting av nokre enkelttre av lauv med lita krone som skjerm vera det rette. Skjermen må fjernast så snart forynginga er tilfredsstillande. Nokre brakebuskar kan gjere same nytta.

Hogstmåtar, faktaark frå Skogkurs 

Sal av tømmer

Størstedelen av det avverka tømmeret blir hogd av og omsett gjennom større tømmerkjøparar. Desse aktørane tilbyr gjerne fleire tenester, som å organisera heile skogsdrifta, planting etter hogst og ungskogpleie.

Om du vil utføra hogsten sjølv, bør du kontakta aktuell tømmerkjøpar i god tid på førehand. Dette for å få avklara om det er avsetning for slikt tømmer i marknaden på det ønska tidspunktet, og for å få avklara korleis tømmeret må kappast for å få best mogleg betalt.

Du bør også gjera deg kjent med kravpunkta i Norsk PEFC Skogstandarden.

Fleire tips finn du i heftet  «Tømmersalg for dummies» 

Innmelding av tømmer i virkesdatabasen

Alt omsett tømmer, virke og juletre (ut over skogeigar sitt eige husbehov) skal rapporterast inn til virkesdatabasen. Opplysningane er grunnlaget for trekk og innbetaling til skogfond.

Det er kjøparen av tømmeret som er ansvarleg for rapporteringa. Skogeigar må sjølv rapportera småsal eller direktesal av tømmer, ved, juletre og pyntegrønt. Skogeigar er då både leverandør og kjøpar i systemet.

Rapportering av slikt sal skjer gjennom Altinn.

Virkesdatabasen har fleire viktige funksjonar:

  • Å sikra trekk og innbetaling av skogfond
  • Å gi dei politiske myndigheiten oversikt over aktiviteten i skogen
  • Å legga grunnlag for FOU-avgift til Skogtiltaksfondet.
  • Å dokumentera at hogst blir utført på lovlig måte (Tømmerforordningen).

Les meir om dette på Landbruksdirektoratet sine sider om rapportering av virkesomsetning

Avsetting til skogfond

Når skogeigaren sel tømmer, juletre eller biobrensel, blir ein del av salssummen sett av i eit fond som følger skogeigedommen, og som skogeigaren kan bruka til langsiktige investeringar. For sal av juletre og pyntegrønt er avsettinga frivillig.

Kor mykje du bør setta av til fondet avheng av investeringsbehovet ditt. Dette bør du klargjera med tømmerkjøpar før tømmeret blir innrapportert i virkesdatabasen.

Les meir om skogfond her.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Gitte P Halvorsen
Gitte P Halvorsen
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 69 89 66
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80