Planting

Når du har hatt hogst av barskog, har du plikt til å setta hogstflaten i ny produksjon innan 3 år.

I Vindafjord vil det i dei aller fleste tilfelle bety planting med foredla plantemateriale av gran.

Det blir stadig meir vanleg at plantearbeidet blir utført av profesjonelle aktørar, som tar seg av både plantebestilling og plantearbeidet. Ofte blir avtale om planting inngått i samband med avtalen om hogst.

Vil du planta sjølv, kan du bestilla planter gjennom entreprenørane eller direkte frå planteskulen. Spør gjerne kommunen om råd. Kommunen har noko planteutstyr til utlån.

Val av plantemateriale

Skogplantene frå planteskulane er for det meste 1-årige pluggplanter. På flater med mykje konkurrerande vegetasjon, til dømes høgt gras, kan 2-årige planter eller planter med større plugg vere ein fordel.

Plantene du set skal veksa på same stad i kanskje 70 år eller meir før dei er klare for å haustast. Derfor er det svært viktig at plantene har eit opphav som er best mogleg tilpassa vekstvilkåra på planteplassen (proveniens).

For Vindafjord anbefaler Skogfrøverket proveniensane Årøy og Walsrode-Oberharz ved planting opp til 350 meter over havet. Frå 150-350 meter over havet er også Jordtveitmoen anbefalt.  

Planter som trivst, produserer godt og bind mykje CO2. Det gir også best økonomi, både for skogeigar og samfunnet.  

Nyttige lenker

Faktaark om planting frå Skogkurs

Temaside om skogskjøtsel hos landbruksdirektoratet 

Tilskot og skogfond

Med tilskot og bruk av skogfond er etablering av ein ny generasjon gran, noko av det mest lønsame du kan gjera i eigen skog. Det er også lønsamt for samfunnet og positivt for klimaet.

Planting av utanlandske treslag

Om du ønsker å planta framande treslag, må du senda søknad til Statsforvaltaren. Dette gjeld også for juletre og pyntegrønt.

Reglane er fastsett i Forskrift om utsetting av utenlandske treslag til skogbruksformål. 

Føremålet er å hindra uheldige følger for naturmangfaldet.

Rettleiar til forskrifta 

Søknadsskjema

Temaside om planting av utenlandske treslag

Supplering

Dei 2-3 første åra etter planting må bestandet kontrollerast jamnleg for avgang. Kor stor avgang som kan aksepterast, er avhengig av boniteten. Supplering til rett plantetal sikrar at produksjonevna til marka blir godt utnytta. På høge bonitetar bør supplering skje så raskt som mogleg.

Supplering kan utførast med tilskot og bruk av skogfond.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Gitte P Halvorsen
Gitte P Halvorsen
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 69 89 66
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80