Landbruksveg

  • Du må søka om godkjenning for nybygging og ombygging av bilvegar, traktorvegar og enklare vegar som er nødvendig for landbruksverksemda
  • Du kan ikkje starta tiltaket før du har fått løyve frå kommunen

Gode landbruksvegar er viktige for å koma fram til ressursane på ein lettare måte, og for å kunne driva garden meir effektivt.

Ein godt plassert skogveg med rett vegklasse gir grunnlag for meir rasjonell utnytting av skogressursane. Transportkostnadane ved utkøyring av tømmer vert lågare, samtidig som det vert lettare å koma til for skjøtsel av skogen, som nyplanting etter hogst og lauvrydding i ungskog

Større veganlegg

Ved større veganlegg vil det vere hensiktsmessig å nytte vegplanleggar.

Prosjektet «Gode skogsvegløysingar gjennom realisering av hovudplan skogsveg 2020-2022» er i regi av Statsforvaltaren i Rogaland, i samarbeid Rogaland fylkeskommune, kommunane og skognæringa. Prosjektet består av 1,5 årsverk over ein treårs periode.

Prosjektet sitt hovudmål er å auka verdiskapinga og utnyttinga av skogressursane. Dette kan ein oppnå med framtidsretta vegløysingar og godt vedlikehald.

Prosjektleiaren er vegplanleggar og utfører prosjektering av skogsveganlegg i heile Rogaland.
Ta kontakt med kommunen om du er interessert i å nytta vegplanleggaren.

Nyttige lenker

Slik søker du

Du finn meir informasjon om korleis du søker om bygging av landbruksveg, rettleiing og søknadsskjema på landbruksdirektoratet sine nettsider.

Søknadsskjema bygging av landbruksveg

Utfylt søknadsskjema sender du til landbruk@vindafjord.kommune.no.

Treng du hjelp til å søka, ta kontakt med Gitte Halvorsen.

Kva kostar det?

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Gitte P. Halvorsen
Seniorrådgjevar skog og vilt
Areal og forvaltning
E-post
Telefon 53 65 61 29
Erle Mæland Aasheim
Einingsleiar
Areal og forvaltning
E-post
Mobil 907 77 655