Skogsbilvegar

Frå 1. januar 2020 er ansvaret for saksbehandling og vedtaksmynde for tilskot til skogsvegar og taubanedrift, hest og anna lagt til kommunen.

Felles overordna retningslinjer for tilskot til skogsvegar og taubane og anna for alle kommunane i Rogaland er utarbeidd i samarbeid mellom kommunane, skognæringa og Statsforvaltaren.

Retningslinjene bygger på Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket og tidlegare retningslinjer utarbeidd av Statsforvaltaren (2018).

Kva kan få tilskot?

  • Det kan gis tilskot til nybygging eller ombygging av eksisterande skogsvegar. 
  • Det kan berre gis tilskot til vegar som er behandla og godkjent etter Forskrift om planlegging og godkjenning av vegar til landbruksformål, eller etter plan- og bygningslova.
  • Det gis ikkje tilskot til enkel traktorveg vegklasse 8, vedlikehald og til veganlegg der anleggskostnadane er under 50.000 kroner
  • Det kan gis ekstra tilskot til vegplanlegging og byggeleiing utført av profesjonell eller godkjent vegplanleggar.

Tilskotssatsar

  • Traktorvegar: 30-45 prosent
  • Skogsbilvegar: 30-60 prosent
  • Ekstratilskot til bruk av profesjonell vegplanleggar: 3 prosent
  • Ekstratilskot til byggeleiing ved profesjonell vegplanleggar: 3 prosent

Meir om vilkår, prioritering av tilskot og saksbehandling kan du lesa her. (PDF, 2 MB)

Slik søker du

Søknadsskjema bygging og forklaring

Søknadsskjema tilskot og forklaring

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80
Profilbilde av Gitte P Halvorsen
Gitte P Halvorsen
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 69 89 66