Kultur og fritid

Kyrkja i Vindafjord har kontor ved nokre av kyrkjene, og på Rådhuset i Ølen. Kyrkjeverja har kontoret sitt i Skjold kyrkje.

Kyrkja i Vindafjord har eiga nettside. Her finn ein gudstenestelista og her er påmeldingsmodular både til konfirmasjon og babysong.

Hovudansvaret for gudstenester og kyrkjelege handlingar er lagt til presten. Utover det ligg den kyrkjelege myndigheit på lokalplanet til soknet, representert ved soknerådet og fellesrådet.

Det er soknerådet som opptrer på vegne av soknet dersom ikkje anna kjem tydeleg fram i lova eller har heimel i lova.

Vats - Kyrkjegarden 3

Ved dødsfall skal gravferdsbyrå kontaktast. Dei syter for vidare kommunikasjon med prest og kyrkje.

Kyrkjelydane i Vindafjord vil ynskja dykk til lukke med barnet de har fått, og velkomne til dåp!

Vil du vita meir om kyrkja sitt syn på dåpen, kan du gå til Den Norske Kyrkja si side om dåpen.

Ta kontakt med den lokale soknepresten på kyrkjekontoret om du lurer på noko.

Kyrkja si oppgåve er å bringa Bibelen sin bodskap til alle menneske, utan omsyn til kva motiv folk har for å søkja kyrkja sine tenester.

Utmelde og andre som ikkje tilhøyrer Den norske kyrkja, er velkomne til gudstenester og andre arrangement i kyrkja.

Omlag 75 % av innbyggjarane i Noreg er medlemmer i Den norske kyrkja. Kyrkja spør aldri etter grunn for den enkelte sitt kyrkjemedlemsskap.

Skjema for inn-og utmelding

Vikebygd kyrkje

 

Vikebygd har hatt ei lang rekke kyrkjer. Den eksisterande kyrkja er den femte i rekka, og vart vigsla 23. september 1937.

Imsland Kyrkje

 

Kyrkja ligg idyllisk til ved Imslandssjøen og er den minste kyrkja i Vindafjord.

Skjold kyrkje

 

Skjold kyrkje ligg langs E 134 i Skjold.

Ølen Kyrkje

 

Ølen kyrkje ligg i Ølen sentrum, på oppsida av E 134.

Vikedal kyrkje

 

Vikedal kyrkje er ei langkyrkje i tre. Den vart vigsla i 1881, og bygd i sein-empirestil.

Vats kyrkje

 

Vats kyrkje ligg sentralt i bygda, ved enden av Vatsvatnet.

Sandeid kyrkje

 

Sandeid kyrkje er ei langkyrkje i tre som vart vigsla i 1904. Kyrkja har 300 sitteplassar.

Bjoa kyrkje

Bjoa kyrkje ligg ved vegen på Innbjoa.

Fant du det du såg etter?

Kontaktinformasjon

Kyrkja
E-post : postmotta@vindafjord.kommune.no

Kyrkjeverje
E-post: Send epost
Login for redigering