UngData

Elevar i grunnskule (5.-10.klasse) og vidaregåande skule i Vindafjord kommune gjennomførte UngData 2025 i februar og mars. Resultata vart presentert for kommunen i mai-25. og me har samla resultata frå 2025 rapporten her saman med tidlegare års resultat. 

Jente og mobiltelefon - Klikk for stort bilete Marco Wolff frå Pixabay

UngData er eit spørjeskjemabasert verktøy som gir eit breitt bilete av korleis ungdom har det og kva dei driv med i fritida. Denne rapporten presenterer hovudresultata frå UngData undersøkinga som blei gjennomført blant mellomstegelevar, ungdomsskuleelevar og vidaregåandeskuleelevar i Vindafjord kommune våren 2025. Her ligg også resultata frå undersøkinga i 2019 og 2022.

Desse dataa er godt grunnlag for vidare førebygging og arbeid med oppvekstvilkåra i kommunen. Desse er naturleg del av oppvekstreforma som har BTI modellen som "grunnmur" for laget rundt barn og unge.

Resultat frå undersøkinga