UngData

Vindafjord kommune har gjennomført UngData 2022 undersøking i vår og resultata blei presentert for kommunen i haust. KORUS Vest har publisert resultata og me har samla dei her saman med tidlegare resultat. 

Jente og mobiltelefon - Klikk for stort bilete Marco Wolff frå Pixabay

UngData er eit spørjeskjemabasert verktøy som gir eit breitt bilete av korleis ungdom har det og kva dei driv med i fritida. Denne rapporten presenterer hovudresultata frå UngData undersøkinga som blei gjennomført blant ungdomsskuleelevar i Vindafjord kommune våren 2022. Her ligg også resultata frå undersøkinga i 2019.

Desse dataa er godt grunnlag for vidare førebygging og arbeid med oppvekstvilkåra i kommunen. Desse er naturleg del av oppvekstreforma som har BTI modellen som "grunnmur" for laget rundt barn og unge.

Resultat frå undersøkinga