På webinar om nasjonalt forløp for barnevernet

Onsdag denne veka deltok representantar frå barnevernstenesta, helse og kommuneleiinga frå Etne og Vindafjord på webinar om nasjonalt forløp for barnevernet. No byrjar jobben med å få på plass system for dette i Etne og Vindafjord. 

Mona R. Sævik, Synnøve Lovra Viskjer, Hilde S. Winterthun, Elisabeth L. Sørheim, Turid Askeland og Marit S. Haug. Maren T. Hustoft var ikkje til stades då bildet blei tatt og Nils Erik Eide tok bildet. Nils Erik Eide

Nasjonalt forløp for barnevern er eit samarbeid mellom barnevernstenesta og helsetenestene for å gi barn i barnevernet helsehjelp. Forløpet omfattar kartlegging og utgreiing av psykisk, somatisk og seksuell helse, tannhelse og rus for alle barn som er i kontakt med barnevernet. Målet er å sikre at barn får naudsynt helsehjelp og riktige tiltak i barnevernet gjennom tidleg innsats og godt samarbeid mellom tenestene. Forløpet er utvikla av Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Onsdag 27. november deltok representantar frå barnevernstenesta, helse og kommuneleiinga frå Etne og Vindafjord på webinar om dette. Etter webinaret blei det einigheit om vidare plan for å få på plass ein modell for dette arbeidet i kommunane. Det første som skal skje er at kommunalsjefane utarbeider eit mandat som ei arbeidsgruppe med representantar frå begge kommunane skal jobbe med. Målet er å få på plass ein modell i løpet av 2025. 

Les meir om det nasjonale forløpet for barnevern her