Planar og reglement

Elevplass

Når ein får tilbod om plass i kulturskulen er det forpliktande. Det er til ei kvar tid stor søknad til kulturskulen, og det er såleis viktig at ein stadfestar om ein tek imot plassen eller ikkje.

Undervisning

Undervisninga til kulturskulen er organisert i anten einetimar  eller gruppeundervisning.

Enkelte veker kan skulen gje tilbod om prosjekt, konsertar og liknande. Dette inngår som ein del av undervisninga ved skulen, og ein forventar at eleven tek del i fellesaktivitetane.

Eleven skal møta presist og vel førebudd til all undervisning. Utbytet av undervisninga er i stor grad avhengig av innsatsen til den enkelte elev.

Fråvær

Sjukdom og anna naudsynt fråvær skal meldast til læraren i kulturskulen før undervisningstimen startar. 

Endringar

Varsling om endringar i undervisningstid eller avlysing, vert gjeve via SMS.

Planlagte endringar grunna prosjekt og konsertar vert gjeve skriftleg.

Leige av instrument

Kulturskulen har nokre instrument til utleige..

Elevar som leiger instrument i kulturskulen må passa godt på desse. Dersom instrumentet vert skadd, må det meldast til læraren snarast råd. Skadar som skuldast uvøren handtering må eleven dekka sjølv.

Tap av elevplass

Elevar som har stort fråvær, syner liten interesse, skaper disiplinære problem eller ikkje betalar kontingent, kan mista plassen sin i kulturskulen.

Oppseiing av plass

Meir om reglar for oppseiing av plass