Prisar og betaling

Prisar

Betalingssatsar i kulturskulen
Teneste Takst
Instrumental/vokalopplæring (20 min) per år 3150 kroner
Teikning, form og farge (eks. materiellkostanader) per år 3150 kroner
Dans og teater, per år 3150 kroner
Musikk ved livets begynnelse, per kurs (à 12 samlingar) 890 kroner
Kulturskuleverkstad 3150 kroner
Materiell til teikning, form og farge 700 kroner
Utleige instrument per år 640 kroner
Vaksne (over 18 år) betaler dobbel kontingent
Søskenmoderasjon (berre på fast avtalte timar)
For søsken er det full pris for det første barnet
Andre barn 25 prosent
Tredje barn og fleire 25 prosent

Kontingent

Kontigenten for kulturskulen blir fastsett av kommunestyret, og blir til ei kvar tid oppdatert i betalingsreglementet som ligg på kommunen si heimeside. Regulering av betalingssatsar vert gjort ved årsskiftet (januar).

Søskenmoderasjon

Vindafjord kommune gir 25 prosent søskenmoderasjon frå barn nummer 2.

Rabatt for fleire fag

Dersom ein elev har opplæring på instrument, og i tillegg er elev på eit gruppetilbod som dans eller visuelle kunstfag, får ein 25 prosent rabatt på gruppetilbodet.

Rutinar for betaling av elevplass

Faktura blir sendt ut to gonger i året.  Ein for haustsemesteret og ein for vårsemesteret.  Når ein har sagt ja til elevplassen, har ein plassen til den blir sagt opp skriftleg. Har ein merknader til fakturaen må ein straks venda seg til kommunen og melda frå om dette.

Oppseiing

1.  Hovudregelen er at elevar som har fått plass, går og betalar for heile skuleåret. Unntaket er kurs som går i ein avgrensa periode frå dato til dato.

2. Førsteårselevar kan seia opp plassen etter to-tre gonger dersom dei ikkje finn seg til rette, eller ombestemmer seg. 

Oppseiinga gjeld frå den dato skriftleg avmelding er motteke og stadfesta av rektor i kulturskulen.  Ein betalar då for den tida ein har hatt elevplassen.

3. Andre elevar betalar for heile semesteret.

4.  Oppseiing må gjerast skriftleg på e-post til kulturskulen@vindafjord.kommune.no

5. Skal eleven halda fram neste skuleår, skal ein ikkje senda inn ny søknad, men berre gå inn og re-registrera elevplassen.  https://novindafjord.speedadmin.dk/account/signin?ReturnUrl=/

6.  Når det nærmar seg opptak for nytt skuleår, får alle registrerte elevar og elevar på venteliste melding om at det er tid for re-registrering.  Dersom ein ikkje ønsker å behalda plassen eller plassen på ventelista, og såleis ikkje re-registrerer seg, vil ein ikkje bli teken med i timeplanar og opptak for komande skuleår. 

For å unngå misstydingar, er det likevel greitt at ein for elevar som alt har elevplass, sender oppseiing for elevar som skal slutta.

Betalingsreduksjon

Betalingsreduksjon kan gjevast  når:

  • eleven, grunna alvorleg sjukdom, har meir enn 4 vekers samanhengande fråvær eller må avslutta undervisninga grunna dette.
  • dersom meir enn 3 undervisningsøkter i semesteret utgår utan at skulen finn vikar eller gjev ekstratimar.

Det vert ikkje gjeve betalingsreduksjon når:

  • Eleven utan varsel uteblir frå undervisninga.
  • Eleven, etter å ha ha sagt ja til plassen, ikkje møter til undervisning ved semesterstart
  • Eleven sluttar midt i semesteret utan at skriftleg oppseiing er sendt skulen.