Bli støttekontakt

Kva er ein støttekontakt?

Å vere støttekontakt vil seia å ha løna samvær med brukaren på fritida deira. Nokre har kanskje lite nettverk og er med på få fritidsaktivitetar.

Arbeidet som støttekontakt går derfor ut på å vere saman med brukaren, enten i eigen heim eller delta i sosiale aktivitetar. Nokre kan også trenga lettare rettleiing i sosiale samanhengar.

Kven kan bli støttekontakt?

Menn og kvinner frå 18 år og oppover. Må ha sertifikat og disponera bil.

Me ønskjer personar som er positive og interesserte i å hjelpa i kvardagen og i fritida.

Det er bra om du har ulike interesser og hobbyar. Det er også viktig at ein kan setja seg inn i kva behov den einskilde brukaren har. 

Arbeidstid

Det er i hovudsak ein ettermiddag i veka, eller nokre timar i helga.

Støttekontakt, brukar og/eller føresette avtalar tidspunkt seg imellom som samsvarar med oppdragsavtalen og vedtaket til brukaren.

Støttekontakten får rettleiing frå kommunen ved behov, og kan ta kontakt med sin kontaktperson når ein lurer på noko.

Slik søker du

Du kan ta kontakt med kommunen for spørsmål, eller om du har ønskje om å vera støttekontakt. Søknad skal skje på eige skjema. Det er krav til politiattest.

Søknad om å bli støttekontakt

Kontaktpersonar i einingane

Har du spørsmål om det å vera støttekontakt, finn du kontaktinformasjon her: