Ønsker du å bidra?

Mange i Vindafjord ønsker å hjelpa. Her finn du informasjon om korleis du kan bidra. 

congerdesign@Pixabay

Vindafjord frivilligsentral

Det vert gjort ein enorm innsats i norsk og europeisk frivilligheit for å handtera den umiddelbare humanitære krisa og den veksande flyktningstraumen som krigen i Ukraina har skapt.

Frivillig arbeid handlar om å hjelpa andre, og kan opplevast givande og meiningsfullt. Gjennom å arbeida frivillig får du også høve til å opparbeida deg viktig kunnskap og erfaring. 

Her kan du registrera deg som frivillig

Les meir om Vindafjord frivilligsentral

Liste over hjelpeorganisasjonar

Det vert oppfordra til å bidra ved å støtta hjelpeorganisasjonar. Dei veit kva som trengs og har både erfaring og hjelpeapparat til å levera effektiv bistand. Frivillighet Norge har laga ei liste over hjelpeorganisasjonar ein kan kontakta eller støtta økonomisk.

Lokale hjelpeorganisasjonar

THK-stiftelsen har i mange år samla inn klede og utstyr til Ukraina. Dei bidrar også i den akutte situasjonen som nå har oppstått.