Nyankomne flyktningar til Sør-Vest politidistrikt kan melda seg for registrering i tredje etasje på Jæren politistasjon. Adressa er Arne Garborgs veg 17, 4340 Bryne. Dei treng ikkje kontakta politiet før dei møter opp. Politistasjonen er open frå kl 09.00 – 15.00.
Ring politiet på telefonnummer 48 99 66 40 ved spørsmål (man - søn kl. 08.00–23.00).
Ukrainske flyktningar må ta kontakt med Vindafjord kommune dersom dei har planar om å bli buande i kommunen. Helsestasjon må kontaktast på telefonnummer 99 52 99 06 for helsesjekk og tuberkuloseundersøking. Integreringstenesta må kontaktast på 41 28 77 22 for avtale om busetting og vidare oppfølging.
Har du spørsmål om flyktningsituasjonen, tilbodet i kommunen, eller ønsker du å bidra? Kontakt integreringstenesta på telefonnummer 41 28 77 22 eller send ein e-post til miriam.aareskjold@nav.no.
Informasjon til flyktningar frå Ukraina (lenke til Facebook)