Beredskap

Vindafjord kommune får førespurnadar som følge av krigen i Ukraina. Det er eit stort engasjement for å hjelpa. Det kjem også spørsmål om tilfluktsrom og kommunen sitt beredskapslager av jodtablettar. 

Pexels@Pixabay

Jodberedskap

Vindafjord kommune kan distribuera jodtablettar til barn under 18 år, gravide og ammande, innan 12 timar etter at eit varsel er gitt av myndigheitene.

Les meir om Vindafjord kommune sin jodberedskap her

Eigenberedskap

Situasjonen med krigen i Ukraina gjer at mange blir bevisstgjort sin eigen, private beredskap. 

Informasjon om beredskap i heimen finn du her

Tilfluktsrom

Det et ikkje bygd offisielle tilfluktsrom i Noreg etter 90-talet, og Vindafjord kommune har ingen offentlege tilfluktsrom. På 90-talet vart enkelte av idrettsanlegga, parkeringsanlegga og fjellhallene i byane bygd som mogeleg tilfluktsrom ved eventuell krig. Det var tidlegare «bomberom» på skulane, men desse er ikkje registrerte som tilfluktsrom lenger.

Her finn du kart med oversikt over tilfluktsrom i Noreg