Jodberedskap i Vindafjord kommune

Jodtablettar er eit viktig og beskyttande tiltak for nokre grupper av befolkinga dersom ei atomulykke skulle inntreffe. Vindafjord kommune kan distribuere jodtablettar til born under 18 år, gravide og ammande, innan 12 timar etter at eit varsel er gitt av myndighetene.

andreas160578 for Pixabay

Vindafjord kommune har beredskapslager av jod i alle barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular i kommunen. I tillegg har helsestasjonen eit lager som skal sikre jod til alle gravide, og ammande med spedborn.

Dersom det oppstår ein situasjon der radioaktivt nedfall rammar Noreg, vil inntak av rein jod kunne hindre opptak av radioaktivt jod i skjoldbrukskjertelen hos unge menneske. Dette reduserer sannsynligheten for utvikling av kreft i skjoldbrukskjertelen.

Personar mellom 18 og 40 år vert anbefalt å kjøpa jodtablettar på apotek som eigenberedskap. Personar som er over 40 år har ikkje behov for jod ved ei atomhending.

Du kan lese meir om beredskap i heimen her.

Det er kriseutvalget for atomberedskap (KUA) som ved ei atomulykke vil vurdere om jodtablettar skal benyttast i Noreg. KUA vert leia av Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA).

Sjølv om det ikkje er rapportert om utslepp frå kjernekraftverk i Ukraina, er risikoen for ulykker og uhell noko høgare enn normalt på grunn av den pågåande krigen i landet.

Meir informasjon finn du på www.dsa.no