Hjelpemiddel

Kva tilbyr me?

  • Hjelpemiddel kan lånast for ein kortare eller lengre periode
  • Korttidsutlån
  • Varig utlån – når behovet over 2 år.
  • Fagpersonar som kan hjelpa til med søknadar.
  • Hjelpemiddel blir gitt ut frå ei heilheitleg vurdering av din situasjon, med utgangspunkt i dei omgjevnadane du skal fungera i.
  • Tekniske hjelpemiddel er ofte eit av fleire tiltak, og må sjåast i samanheng med trening, læring, andre kompenserande teknikkar, samt tilrettelegging og utforming av omgjevnadane.

Formål og ansvar

Kommunen si helseteneste skal mellom anna omfatta medisinsk habilitering og rehabilitering. Formidling av tekniske hjelpemiddel for å betra dagleg funksjonsevne inngår i denne tenesta.

Formålet med tekniske hjelpemiddel er å betra funksjonsevna til den enkelte, samt å auka evna til sjølvhjelp og å letta pleie i heimen. Ansvaret for tekniske hjelpemiddel er delt mellom kommunen og NAV hjelpemiddelsentral.

Kommunale institusjonar har ansvar for å dekka vanleg institusjonsutstyr.

NAV kan innvilga hjelpemiddel til personleg bruk, til dømes individuelt tilpassa rullestol, høyrselsutstyr og lese- og skrivehjelpemiddel.

Korttidsutlån

Om du på grunn av funksjonssvikt har behov for hjelpemiddel, kan våre terapeutar hjelpe deg med dette. Du kan få låna hjelpemiddel frå korttidslageret i kommunen, dersom du berre vil ha behov for dei over ein kort periode, på opptil 3 månadar.

Kommunen har avtale med Øyane ASVO i Etne. Det er dei som driftar det kommunale lageret. Du kan ta direkte kontakt med dei for å høyra om dei har hjelpemiddel tilgjengeleg på mobil 48 86 45 17 eller telefon 53 75 69 18.

Du kan også ta kontakt med ein av dei kommunale terapeutane om det er noko du lurer på.

Varig utlån

Dersom ein har behov for hjelpemiddel over ein lengre periode (2 år), søker me NAV helpemiddelsentral om dette.

Dei kommunale terapeutane har god kunnskap om kva du kan søka om, og kva løysingar som finst.

Tilrettelegging av bustad

Dei kommunale terapeutane har kompetanse som kan koma godt med om du har planar om å bygga ny, tilrettelagt bustad, eller treng bygga om eksisterande bustad på grunn av nedsett funksjon.

Dei kan bidra med gode innspel i forhold til planløysingar og dei har oversikt over kva mogelegheiter ein har til å søka hjelpemidler frå NAV hjelpemiddelsentral.

Hjelp til å søka

Kommunen har fagpersonar som kan bistå med søknadar.

Her finn du kontaktinformasjon til dei kommunale fysio- og ergoterapeutane.

Ved varig behov for syns- eller høyrselshjelpemiddel, kontakt syns- og høyrselskontaktane. Dei finn du her.

Utlevering og oppfølging

Kommunen har ansvar for utlevering og oppfølging av tekniske hjelpemiddel som er utlånt frå NAV hjelpemiddelsentral.