Om tenestetilbodet

Kva tilbyr me?

  • Kommunen har for tida fire kommunalt tilsette fysioterapeutar, ein ergoterapeut og ein sjukepleiar. Dei held til på Ølen omsorgssenter og på rådhuset i Ølen.
  • Hovudsakeleg er arbeidsoppgåvene rehabilitering og opptrening av vaksne og eldre i institusjon og i heimen, arbeid blant born og ungdommar og hjelpemiddelformidling/ og bustadtilrettelegging.
  • Me har to private institutt, på Frisk treningssenter i Ølen og på Vikaneset i Skjold. Her jobbar det til saman fire fysioterapeutar. Hovudsakeleg er arbeidsoppgåvene behandling og opptrening av skader og funksjonsnedsettingar.

Prioriteringar og ventetid

Me har ein eigen prioriteringsnøkkel som me prioriterer ut frå, både for born og vaksne og eldre. Det vil seia at dei med størst behov for hjelp vil få hjelp først.

Dermed kan det i periodar vera venteliste for å koma til hos fysioterapeut eller ergoterapeut.

Eigenandel

  • Alle pasientar, som ikkje er innlagt på institusjon, må betala eigenandel for å gå til fysioterapeut.
  • Grensa på eigenandelskort for 2024 er 3.165 kroner. Eigenandelane innbefattar både behandling og eventuelt taxi til og frå behandlinga, om ein har behov for dette.
  • Unntaket er born under 16 år og yrkesskadde. Desse får full refusjon og treng difor ikkje betala for behandling.
  • Både dei kommunale og private fysioterapeutane som er nemnde her, tek fastsette eigenandelar og går inn under frikortordninga til Helfo.
  • Dei private fysioterapeutane tilbyr også anna behandling det kan vera ekstra betaling for. Dette går ikkje inn under frikortordninga og skal informerast om.  

Dersom du ikkje møter til avtalt time hos fysioterapeut, utan å gi beskjed, vil me likevel belasta deg for det du måtte ha betalt i eigenandel for behandlinga.

Kontakt oss på telefon eller e-post

 

Kontaktinformasjon til fysio- og ergoterapeutar
Stilling Namn Telefon Arbeidsdagar
Kommunalt tilsette
Leiande kommunefysioterapeut Liv Kjersti Hustveit 41 22 85 89 Alle dagar
Kommunefysioterapeut Gunvor Johansson Garvik 91 17 96 72 Alle dagar
Kommunefysioterapeut Elin Hundseid 99 30 08 57 Tysdag og fredag
Spesialfysioterapeut Inga Elise Haugland Eide 41 72 54 38 Mandag, tysdag og torsdag
Ergoterapeut Tina Günther 91 36 87 12 Alle dagar
Kvardagsrehabilitering sjukepleiar Maili Tveit Oppedal 90 60 99 53 Tysdag
Private institutt
Ølen fysioterapi Frisk treningssenter i Ølen 53 76 85 07
Fysioterapeut Georg Feed 41 65 73 23
Fysioterapeut Vegard Lønnheim 95 70 25 52
Vindafjord fysikalske institutt Vikaneset i Skjold 52 76 52 20
Fysioterapeut Skjold Dag Øverland 97 17 46 59
Fysioterapeut Skjold Annett Grünbeck-Manoury 93 28 17 42