PP-tenesta for Etne og Vindafjord (PPT)

Pedagogisk Psykologisk teneste er rådgjevande og sakkunnig instans for opplæring i barnehage, skule og for vaksne på grunnskuleområdet i Etne og Vindafjord kommune.

 

Bilde av eit barn - Klikk for stort bilete klimkin fra Pixabay

 PP-tenesta har fokus på sterke sider, læring og utvikling.

Kva kan du få hjelp til?

PP-tenesta skal hjelpa barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Føremålet er at dei skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

Eksempel på særskilte behov kan vera:

  • Språk- og talevanskar
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Sosiale- og emosjonelle vanskar
  • Åtferdsvanskar
  • Syn- og høyrevanskar
  • Generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • Lese- og skrivevanskar
  • Matematikkvanskar
  • Nonverbale lærevanskar
  • Skulefråvær

Rettleiarar

Utdanningsdirektoratet har utarbeida rettleiarar for saksgang ved uro for utvikling:

Kva gjer PP-tenesta?

PP-tenesta har både system- og individretta arbeidsoppgåver. Det er viktig for oss at oppgåvene blir sett i samanheng. Tenesta sitt mandat er regulert i opplæringsloven § 5-6 og barnehageloven § 33.

Rådgjeving og hjelp i barnehage og skule

PP-tenesta hjelper barnehagar og skular med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling for å legga opplæringa til rette for barn og elevar med særlege behov. Tenesta har faste kontaktpersonar og faste møtetider i kvar barnehage og skule.

Målet er å vera tett på barnehage og skule for at barn og unge skal få rask hjelp gjennom tidleg innsats. Alle har rett til å få tilpassa opplæring og bli inkludert. God tilrettelegging og tilpassing for eit barn med særlege behov, kan koma alle barn til nytte. Som føresett kan du vera med i møte, utan at det er sendt tilvising til PP-tenesta.

Godt samarbeid og systematisk, tidleg innsats gir ofte god og tilfredstillande hjelp.

Barnehage og skule kan be om rettleiing for å jobba med læringsmiljø i grupper eller klassar.

PP-tenesta gir opplæring på bestilling frå barnehage og skule og er med i nettverk og prosjekt. 

Utarbeiding av sakunnig vurdering

Tenesta har ansvar for at det vert utarbeida sakkunnig vurdering der lova krev det.

Meir informasjon om kva PP-tenesta gjer

Slik søker du hjelp for barn i barnehagealder

Om du er uroa for om barnet ditt har spesielle behov:

  • Ta kontakt med helsestasjonen om barnet ikkje har starta i barnehagen
    Helsesestasjonen hjelper deg med tilvising til PP-tenesta.
  • Ta kontakt med barnehagen om barnet har starta i barnehagen
    Barnehagen gjer undersøkingar, opprettar «Stafettlogg» for samarbeid og prøver ut tiltak. PPT har fast kontaktperson i barnehagen som er med i dette arbeidet saman med føresette og barnehagen. Helsesjukepleiar er også del av samarbeidet ved behov.
  • Barnehagen tilviser til PPT
    Om barnet fortsatt har vanskar, kan barnehagen og føresette senda skriftleg tilvising til PPT. Barnehagen informerer om PP-tenesta, saksgang, hjelper til med utfylling av tilvisingsskjema og sikrar at saka er godt opplyst gjennom «Pedagogisk rapport» og «Stafettlogg». 
  • PPT undersøker behov
    PPT kallar foreldre inn til samtale, gjer observasjon i barnehagen, kartlegg og utgreier kva behov barnet har og gir rettleiing og råd om kva som kan vera til hjelp for barnet. Dersom PPT konkluderer med at barnet har behov for spesialpedagogiske tiltak, utarbeider PP-tenesta ei sakkunnig vurdering.
  • Kommunen gjer vedtak
    på grunnlag av den sakkunnige vurderinga frå PP-tenesta.
  • Barnehagen gjennomfører
    Barnehagen har ansvar for å gje spesialpedagogisk hjelp i tråd med vedtak.

Informasjon om spesialpedagogisk hjelp i barnehagen

Meir om saksgang ved uro

Slik søker du hjelp på skulen 

Dette gjer du dersom du er uroleg for om barnet eller ungdommen har spesielle behov:

  • Ta kontakt med skulen 
    Skulen gjer kartleggingar, opprettar «Stafettlogg» for samarbeid og prøver ut tiltak. PPT har fast kontaktperson på skulen som er med i dette arbeidet saman med elev, føresette og skule. Helsesjukepleiar er også del av samarbeidet ved behov.
  • Skulen tilviser til PPT 
    Om barnet eller ungdommen fortsatt har vanskar, kan skulen og føresette senda skriftleg tilvising til PPT. Skulen informerer om PP-tenesta, saksgang, hjelper til med utfylling av tilvisingsskjema og sikrar at saka er godt opplyst gjennom «Pedagogisk rapport» og «Stafettlogg». Frå 15 år må ein ungdom gje skriftleg samtykke før tilvising og til utarbeiding av sakkunnig vurdering.
  • PPT undersøker behov 
    PPT kallar foreldre inn til inntakssamtale, gjer observasjon på skulen, kartlegg og utgreier kva behov barnet eller ungdommen har og gir rettleiing og råd om kva som kan vera til hjelp. Dersom PPT konkluderer med at barnet eller ungdommen har behov for spesialpedagogiske tiltak, utarbeider PP-tenesta ei sakkunnig vurdering.
  • Rektor gjer vedtak
    Rektor gjer vedtak på grunnlag av den sakkunnige vurderinga frå PP-tenesta.
  • Skulen gjennomfører 
    Skulen har ansvar for å gjennomføra opplæring i tråd med vedtak

Meir om saksgang ved uro

Meir om tema spesialundervisning på skulen

Meir om tema spesialundervisning for vaksne

Tverrfagleg samarbeid

PP-tenesta samarbeider med barnehagar, skular og andre kommunale tenester som helsesjukepleiar, lege, fysioterapeut, barnevern med fleire. Andre viktige samarbeidspartar er BUP, audiopedagog, Habiliteringstenesta, Statped, Hjelpemiddelsentralen med fleire.

Det er du som forelder eller føresett som gir skriftleg samtykke til tverrfagleg samarbeid.

Aktuelle lovverk og nyttige lenker

Nyttige lenker

Har du spørsmål, ta kontakt med oss

  • Telefon
    53 65 57 10
  • Besøksadresse
    Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
  • Postadresse
    PPT Etne og Vindafjord, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 
PPT tilsette
Stilling Navn Telefon Mobil
Einingsleiar Sonja Hundseid Lærdal 53 65 57 12 92 08 06 22
Konsulent Mariann Mannes 53 65 57 10
Spesialpedagogisk rådgjevar Trine Hebnes 53 65 57 08 92 45 12 76
Spesialpedagogisk rådgjevar Kari Synnøve Velde Haugen 53 65 57 07 91 63 19 87
Spesialpedagogisk rådgjevar Wenche Hjelmtveit 53 65 57 13 48 27 79 70
Spesialpedagogisk rådgjevar Annlaug Wegner 53 65 57 05 41 60 50 75
Spesialpedagogisk rådgjevar Solgunn Hannisdal Haanes 53 65 57 06 99 44 42 99
Spesialpedagogisk rådgjevar Magnhild Hjartåker 53 65 57 09 47 02 82 17
Logoped Inger Kathrine Sundve 97 57 49 54

Kontaktinformasjon

PPT Etne og Vindafjord
E-post
Telefon 53 65 57 10

Opningstid
Klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen 
 

Profilbilde av Sonja Hundseid Lærdal
Sonja Hundseid Lærdal
Einingsleiar
PPT
E-post
Telefon 53 65 57 10
Mobil 92 08 06 22
Profilbilde av Nils Erik Eide
Nils Erik Eide
Kommunalsjef
Kommunedirektør
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 53 65 65 35
Mobil 98 28 68 72