Tilbakemeldingsmøte blir 13. juni for tilsette på Ølen skule og eigar.
Sidan oppstartsmøtet i mars har leiinga og dei tilsette på Ølen skule hatt eigenvurdering og sendt inn dokumentasjon til Statsforvaltaren. Vidare har Statsforvaltaren intervjua eigar, leiing, utvalde lærarar på 1-4 trinn, elevar og føresette.
Dette seier opplæringslova § 1-4 om tidleg innsats
På 1. til 4. årstrinn skal skolen sørgje for at elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring slik at forventa progresjon blir nådd. Om omsynet til eleven sitt beste talar for det, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.
Statsforvaltaren har så analysert og gått gjennom alt dette og skrive ein førebels rapport som no altså har kome til kommunen. I den førebelse rapporten konkluderer Statsforvaltaren med at Ølen skule ikkje følgjer regelverket på alle områda.
Statsforvaltaren har funne at Ølen skule gjennomfører kartleggingar slik at dei har oversikt over ferdigheitene til elevane i lesing og rekning, og at elevane får ekstra oppfølging. Dei samla funna til Statsforvaltaren viser likevel at Ølen skule ikkje har ei felles forståing for kva som ligg i lovkravet om intensiv opplæring. Derfor er det heller ikkje felles forståing for kven som treng intensiv opplæring.
Statsforvaltaren sin konklusjon er at Vindafjord kommune ikkje sørger for at Ølen skule oppfyller alle krava til tidleg innsats 1.-4. årssteg.
Kommunen har fått ein frist for å uttale seg om denne rapporten, 23.06.23.
Når Statsforvaltaren har motteke kommentarane til kommunen, vil dei vurdere opplysningane frå kommunen og eventuelt gjere endringar i rapporten. Dersom dei framleis finn brot på regelverket, vil dei gjere eit vedtak med pålegg om retting. I vedtaket får kommunen ein rettefrist, slik at dei kan gjere dei nødvendige endringane.
Varsel om pålegg om retting
Statsforvaltaren har funne ut at Ølen skule/kommunen ikkje etterlever regelverket på alle område. Førebels rapport konkluderer med at kommunen må sørge for at Ølen skule:
- Identifiserer elevane som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning på 1.-4. trinn
- Gir elevane som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning eigna intensiv opplæring.
- Legg omsynet til eleven sitt beste til grunn når dei gir den intensive opplæringa i gruppe eller som eineundervisning
- Følgjer opp om den intensive opplæringa fører til at eleven når forventa progresjon
- Det er godt å få kyndig rettleiing i dette viktige opplæringsarbeidet. Tilsyn er til for læring, seier rektor på Ølen skule Gro Anett Espevoll.
Leiinga ved Ølen skule, her inspektør Sonja H. Lærdal og rektor Gro Anett Espevoll frå opningsmøtet i mars.
Nils Erik Eide
Les den førebelse rapporten her (PDF, 14 MB)
Klar for tilsyn, tidleg innsats 1-4 trinn