Klar for tilsyn, tidleg innsats 1-4 trinn

Denne våren er Ølen skule plukka ut til tilsyn med tema tidleg innsats 1.-4, og i dag arrangerte Statsforvaltaren oppstartsmøte på kulturhuset i Ølen.

Statsforvaltaren samla leiing og tilsette på Ølen skule til oppstartsmøte for tilsynet i dag. Her var også leiarar frå dei andre einingane i oppvekst pluss inviterte skuleeigarar frå kommunane rundt oss. Her held utdanningsdirektør Marianne Skogerbø sitt opningsinnlegg. Pål Askvig

Tema for tilsynet – tidleg innsats 1.-4. trinn

Statsforvaltaren, som i dag var representert med seniorrådgjevarane Lina Bryne Larsen og Randi Bjørkås og utdanningsdirektør Marianne Skogerbø, skal kontrollera om kommunen oppfyller krava i regelverket når det gjeld den intensive opplæringa i lesing, skriving og rekning på 1.- 4. trinn.

Barnehage - og skulesjef Svein Carlos N. Gjil opna samlinga. I bakgrunnen sit Statsforvaltaren ved Randi Bjørkås, Marianne Skogerbø og Lina Bryne Larsen. Nils Erik Eide

Dette seier opplæringslova § 1-4 om tidleg innsats

På 1. til 4. årstrinn skal skolen sørgje for at elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring slik at forventa progresjon blir nådd. Om omsynet til eleven sitt beste talar for det, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.

Det som skjer vidare etter opningsmøtet er at leiing og tilsett på Ølen skule skal ha eigenvurdering og sende dette inn til Statsforvaltaren innan 18. april. Deretter skal Statsforvaltaren intervjue eigar, leiing, utvalde lærarar på 1-4 trinn, elevar og føresette. Så skal Statsforvaltaren skrive ein førebels rapport før sommaren, på denne kan eigar og skule gje tilbakemeldingar. Etter dette så kjem den endelege rapporten med fristar for å rette opp eventuelle pålegg. 

Rektor Gro Anett Espevoll seier at ho ser fram til dette viktige tilsynet, her kan skulen få stadfesting på det gode arbeidet som blir gjort på tidleg innsats og vidare rettleiing på korleis ein kan jobba på ein betre måte inn mot denne elevgruppa.

Leiinga ved Ølen skule, her inspektør Sonja H. Lærdal og rektor Gro Anett Espevoll, ser fram til dette tilsynet og ser på det som gratis konsulenthjelp til betring av rutinane rundt tidleg innsats. Nils Erik Eide