11 tips og 3 hos naboen

Lurer du på kva du skal finna på? Her finn du tips til ulike opplevingar og aktivitetar.

Overnatting på Gråhorgjo

På toppen av Gråhorjo ser du heile Sunnhordland og Folgefonna. - Klikk for stort bilete Stina Hetland Golf  

Gråhorgjo er den høgaste fjelltoppen mellom Ølensvåg og Bjoa. Dette er ein meir krevande tur som du brukar omtrent 3,5 time tur/retur på. Når du kjem til topps 741 meter over havet, er det ei storslått utsikt som møter deg.

På toppen ligg det ei lita hytte som du kan overnatta i. Ta kontakt med Audun Haraldsen på mobil 91 62 44 89 for å booka plass.

Olalia

Olalia fjellstove og tilhøyrande småhytter. - Klikk for stort bilete DNT Haugesund

Olalia Fjellstove er ein 5,5 km lang gåtur frå Opheim parkeringsplass. Turen er godt egna for familiar, både med og utan vogn. Du kan også gå til Olalia frå Fjellstøl ski- og friluftsanlegg. På Olalia kan du blant anna grilla, bada i kulp, fiska, gå toppturar, padla i kano og mykje meir.

Når det er sesong har dei open kafé med eit godt utval av freistingar. Om vinteren er det flott preparert skiløyper. Du kan booka overnatting heile året.

Vikedalsstrånda

Tar du turen til Vikedal, er stranda deira verdt å besøka. Den er plassert midt i sentrum bak kulturhuset. Her er det sandstrand med mykje sol heile året. Det er campingmoglegheiter rett ved stranda, i tillegg til Vikedal båthavn som også har bubilparkering.

Skomakernibba

Fjellutspringet Skomakernibba med utsyn til heile Vikedal. - Klikk for stort bilete Denisse Lucero

Skomakernibba er plassert i fjellveggen i Vikedal. Turen startar på ein merka traktorveg, deretter går den over til ein godt merka sti. Nibba er ei berghylle med nydeleg utsikt utover Vikedal sentrum og oppover dalen. Frå tuppen på berghylla går det stupbratt rett ned i bakken, så ver forsiktig!  

Imslandssjøen

Gatebilete med gamle hus i sjarmerande Imslandsjøen. - Klikk for stort bilete Ellen Marie Hagevik

Imslandssjøen har mange koselige hus å by på, med rik historie. Fleire av bygga i Imslandssjøen har stått sidan slutten av 1800-tallet og har verktøy, bøker, skomakarutstyr og anna som er frå tida dei var i drift. Like ved er det ein fin og gamal strandstad der det er fine bademoglegheiter.

Ølmedal

Ølmedalsvatnet ligg nydeleg til i Imsland. Her er det flott å ta trimturen rundt, enten på sykkel eller til fots. Det er også flotte fiske- og bademoglegheiter. Heilt inst i dalen ligg det ein campingplass like ved vatnet.

Granberg Garveri

Granberg Garveri AS i Ølensvåg vart etablert i 1951 og var då eit av dei minste garveria i landet. I dag er dei Noregs einaste garveri med ein årsproduksjon på over 80.000 skinn, meir enn 40.000 registrerte kundar og 43 årsverk. I tillegg har dei produksjon og lager av det meste innan dekorasjonsskinn, nappaskinn og vegetabilskgarva skinn og lær.

Granberg Garveri har også fabrikkutsal som er blitt garveriet sin fasade utad. Dei tar også imot grupper for omvisning og har eige bedriftsmuseum

Andre ting å få med seg

Unni Marie Rosemaling, både plassen og dama er ei oppleving. Her finn du også turistinformasjonen i Vindafjord.

Sjå laksen i Opsalsfossen

Søre Skogen, omvisning på garden, butikk

Stråveit gard, stor gamal fråflytta gard. Sjå nedst på lista over turforslag i Vats.

Rett over til naboen

Skjoldafjorden har vore sentral for ferdsel og samkome mellom folk i Vindafjord og Tysvær. Her er tre tips knytt til naboen og bruken av fjorden.

Slusene i Skjoldastraumen

Notaflåt friluftsområde i Skjoldastraumen

Kvekerhuset på Stakland