Fjellstøl ski- og friluftsanlegg er det første anlegget i det interkommunale samarbeidet om idretts- og kulturanlegg. Vindafjord, Karmøy, Haugesund, Tysvær, Bokn og Sveio er eigarkommunar. Fjellstøl-anlegget vart åpna i februar 1987.
Kva er Fjellstøl?
Fjellstøl er eit heilårs idrettsanlegg med høgstandard arenahus og varmestove, garderobe og dusj, også tilrettelagt for rørslehemma.
Anlegget har moderne gruslagt lysløype tilrettelagt for rullestolbrukarar, og ny flott akebakke. Eige toalett og dusj for rørslehemma er alltid ope.
Kven kan bruka anlegget?
Lag og organisasjonar innan idrett og kultur i eigarkommunane kan disponera anlegget.
Bruken er gratis, men brukarane må syta for reingjering og rydding etter bruk.
Parkering
Anlegget har stor parkeringsplass som er open heile døgnet og kan brukast mot avgift.
- Bilar under 6 meter: 50 kroner per døgn
- Bilar over 6 meter: 100 kroner per døgn
- Årskort bilar opptil 6 meter: 500 kroner
Du betalar enten med Vipps eller kontantar. Vipps nummer 506561. Kontantar legg du i konvolutt direkte i kassen på parkeringsbua ved innkøyring til anlegget.
Årskort kan kjøpast ved Sandeid Bensin eller på anlegget når kiosken i varmestova er open.
Løypenett
Lysløype på nesten 5 kilometer som blir oppkøyrt stort sett dagleg heile vinteren dersom det er snø.
Våre løypemannskap køyrer også løype til Olalia turisthytte og området knytt til denne.
Utanfor vintersesongen er løypenettet ideelt for trening og tur, enten du går, spring, brukar rullestol, går med barnevogn eller brukar sykkel. Løypenettet er stengt for motorkøyretøy dersom det ikkje er gitt særleg løyve til bruk av slike.
Lyset slår seg av i løypa klokka 23.00 om kvelden.
Slik finn du fram:
Ta av ved Sandeid kyrkje og køyr Helgelandsvegen om lag 3 kilometer. Ta deretter av på Fjellstølvegen og køyr omlag 2,2 kilometer til endes på denne. Då er du framme.
Kontaktpersonar og meir info
Vaktmeister og løypeansvarleg: Rune Vestbø, mobil 97 76 41 51 eller 95 49 33 36
Hovudansvar for Fjellstøl: Lars Olav Larsen, mobil 97 65 06 40
Info om Skiløypestatus Fjellstøl, Olalia og Opheim på Facebook
Info frå Vindafjord IL på Facebook
Info frå skisportet.no
Web-kamera på anlegget
Velkomen til fjells!