Test deg ved minste teikn på luftvegsinfeksjon

Det er aukande smitte i Vindafjord, og kommunen set nå inn ekstra tiltak. Det er ikkje testing i helgene, men ein oppmodar personar som testar postivt på hurtigtest om å melda frå.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bilete– Pandemien ikkje er over. Det er veldig viktig at folke framleis følger smittevernråda som god handhygiene, held avstand og spritar hendene på offentlege stadar, seier kommuneoverlege Terje Kleiven. Ellen Marie Hagevik

Siste: 36 nye smittetilfelle i helga

Fredag morgon blei det meldt at fem nye personar har testa positivt for korona. To av dei er vaksinerte, tre er ikkje vaksinerte.

Torsdag blei det stadfesta sju nye smittetilfelle. Ingen av dei smitta er vaksinerte.

Dette er tiltaka som er innført i Vindafjord kommune

I veke 40, 41 og 42, ble sju personar stadfesta smitta i Vindafjord. Ingen av dei var vaksinerte. Tysdag denne veka var det to nye smittetilfelle. Ein var vaksinert, og ein var ikkje vaksinert. Alle bekrefta prøvar er av Delta-varianten.

Denne veka har også ein del testa positivt på hurtigtestar. Dette er følgd opp med PCR-testar som vil bekrefta om det er korona eller ikkje.

– Det er aukande smitte i kommunen, og rundt 10-12 personar har testa positivt på hurtigtest så langt denne veka. Me ventar derfor at smittetalet vil auka dei kommande dagane. Me oppmodar alle til å testa seg ved minste symptom på luftvegsinfeksjon, sa kommuneoverlege Terje Kleiven onsdag.

Set i verk tiltak

Vindafjord kommune vel å setta i verk tiltak for å hindra at det blir eit smitteutbrod.

– Dersom eit husstandsmedlem testar positivt, skal uvaksinerte vaksne og uvaksinerte barn og unge testa seg var dag i sju dagar. Er testen negativ, kan dei gå på jobb, i barnehage og på skule. Alle husstandsmedlemmer må vera obs på symptom i 10 dagar. Det er også innført påbod om bruk av munnbind på institusjonane i kommunen, seier Kleiven.

Han minner om at kommunen har gratis hurtigtestar som kan hentast etter avtale. Testar du positivt på hurtigtest, må du snarast råd ta kontakt med testkontoret for å få tatt ein PCR-test.

Innmelding av positive testar i helga

Testkontoret når du på telefon 53 65 60 34 kvardagar 08.00-15.00. I helga kan du melda inn positive eigentestar på vakttelefonen 99 52 99 06 mellom 12.00-15.00 laurdag og søndag. Det er ikkje testing i helga.

– Dette lokale utbrotet er ei påminning om at pandemien ikkje er over. Det er veldig viktig at folke framleis føl smittevernråda som god handhygiene, held avstand og spritar hendene på offentlege stadar som butikkar, avsluttar Kleiven.