Ordføraren si nyttårsmottaking er utsett

På grunn av smittesituasjonen har ordføraren bestemt seg for å utsetja nyttårsmottakinga inntil vidare.

Det blir nå jobba med korleis mottakinga skal gjennomførast, men det er ønskjeleg å sjå utviklinga av smittesituasjonen litt ann før ein landar på kva alternativ som er best.

Dei verdige prisvinnarane av kulturprisen, næringsprisen, byggeskikkprisen, omsorgs- og inkluderingsprisen, samt kulturstipendet skal få sine prisar utdelt så snart det er avklart korleis nyttårsmottakinga skal gjennomførast. Dette ser ordføraren fram til og ønskjer innbyggjarane i Vindafjord eit godt nyttår så lenge!

Les meir om dei verdige prisvinnarane her