Prisdryss og stipend til verdige vinnarar

Vindafjord kommune har tildelt desse prisane for 2021: Kulturpris, næringsprisen, byggeskikkprisen, omsorgs- og inkluderingsprisen, samt kulturstipend.

Selskapet har lagt verda for sine føter, og det frå Åmsosen i Vats, står det i grunngjevinga for næringsprisen. AutoStore

Kulturpris

Vindetreet

Gunnbjørg Nesbu  Grunngjeving: Kulturprisen for 2021 vert tildelt foreininga Vindetreet, eit sogeskrift organisert som ei foreining med eige styre, der alle sogelaga i kommunen er representerte, og det er sogelaga som står bak skriftet og innhaldet i det. Tidlegare var det fleire sogeblad i kommunen, men no er alt sogebladsarbeid samla i foreininga.

Vindetreet har jublieum i år, og er no før jul klar med si 30. utgåve. Skriftet har i desse åra publisert over 700 artiklar frå heile kommunen, i tillegg til eit stort biletmateriale. Opplaget dei siste åra har vore kring 1.600. Artiklane som Vindetreet publiserer har eit vidt spenn frå både nyare og eldre historie.

I førsteutgåva som kom i 1992 står det at eit hovudmål med skriftet er å ta vare på tradisjonar i Vindafjord. "Vinda dei opp, om ein kan bruke eit slikt uttrykk, slik at seinare generasjonar kan nøste dei".

Det er mange av innbygarane våre som gjer ein uvurderleg innsats, og bidreg med historiar, bilete og liknande til skriftet. Mange av artiklane bygger på intervju av og innsamla data frå personar i kommunen. Desse historiane hadde truleg gått tapt om ikkje Vindetreet hadde skrive artiklane. Kunnskap om fortida er viktig for å forvalta bygde- og samfunnsverdiar til ei god framtid. Alt arbeid i foreininga vert gjort frivillig, og det er svært mange som set stor pris på arbeidet som vert gjort og historiane som vert fortalde frå bygdene våre. 

Næringsprisen

AutoStore

Grunngjeving: AutoStore er eit av dei største næringslivseventyra i historia både lokalt og nasjonalt. Gjennom innovasjon,  tru på eigne idear, produktutvikling og gründerskap har AutoStore  på rekordtid evna å få fram eit produkt som har truffe blink i den internasjonale marknaden.

Vindafjord-selskapet har bana veg for heilt ny robotteknologi i verdssamanheng, og har utvikla løysingar som har imøtekome store behov i ein stadig veksande industri innan netthandel. Selskapet har lagt verda for sine føter, og det frå Åmsosen i Vats, der dei  har sin hovudbase, og der mange lokalt tilsatte har vore med å legga grunnlag for suksessen

Børsnoteringa i haust, den neststørste på Oslo Børs gjennom tidene, syner til fulle at AutoStore blir verdsett i marknaden. AutoStore er sjølvsagt også ein framragande ambassadør for at Vats og Vindafjord skal vera kjent for innbyggarane i vårt langstrakte land.

Byggeskikkprisen

To naust i Vikebygd

Grunngjeving: Naustrekker har frå gamalt av hatt det til felles at alle nausta er litt ulike, i storleik, form, takvinkel, materialbruk og farge. Dette gir bygningsmiljø som er relativt homogene, men der enkeltbygga kvar for seg har store individuelle forskjellar. I nyare tid er det bygd mange naustrekker der det er relativt stor grad av repetisjon og like naust.

Dei to nye nausta i Naustvika ligg i enden av ei eksisterande rekke med tradisjonell blanding av naust med ulike volum, vinklar, fargar og så vidare. Dei nye nausta er bygd med nokre års mellomrom, men tar opp tråden ved å vera litt ulike individuelt. Dei har litt ulik storleik og utforming, og litt ulik takvinkel. Dei er kledd med trekledning både på vegger og tak, som har fått gråne med vær og vind, og dei glir naturleg inn i miljøet.

Samtidig presenterer desse nausta nye element med ny materialbruk og detaljering. Deler av veggene er kledd med plater i kanalhulplast, som igjen er dekka av skråstilte trespiler. Dette gjer at dagslyset siler inn i bygget på dagtid, og innvendig lys tilsvarande blir silt ut på kveldstid, slik at bygget lyser opp i miljøet.

Arkitektane har gitt nausta ei gjennomført utforming med materialbruk og til dels intrikat detaljering. Trematerialar er skore på lokal sag i Vikebygd, og arbeidet er utført av lokal tømrar med handverksmessig høg presisjon og kvalitet. Nemnda legg vekt på det nyskapande og kulturtilpassa hos vinnaren. Naustrekka er spegla, men gjennom kreativ bruk av materialar er det skapt eit nytt uttrykk.

Rommet kring bygningane er ein vesentlig del av heilskapen, og det er lagt ned mykje arbeid i omgjevnadane. Det er høg kvalitet på handverk, detaljar og materialval ute og inne. Nemnda meiner at nausta kan inspirera andre til nytenking kring sjønære bygningar.

  • Tiltakshavar: Karen Regine Sandvik og Inge Thorsen
  • Ansvarleg arkitekt: Erlend Aalmo Strønstad. Prosjektet har vore eit samarbeid mellom arkitektfirma Koreo Arkitekter, Kolab Arkitekter, Mestres Wåge Arkitekter
  • Sagbruk: Kjetil Skartland
  • Tømrar: Lauritz Bjørnevik 2. Utdeling av Byggeskikkprisen 2021 blir på ordføraren si nyttårsmottaking

Omsorg- og inkluderingsprisen

Johnny Vik, Ølen

Grunngjeving: Johnny Vik har stått i spissen for å arrangera Grannarligaen. Dette har vore eit tilbod for ungdom til å endelig få spela litt fotballkampar under korona. Dette har bidratt til eit stort engasjement frå ungdom på heile indre Hauglandet.

Johnny Vik er leiar av fotballgruppa i Ølen IL, og står i spissen for mange av aktivitetane som skjer rundt fotballen i Ølen og Vindafjord. Der er fokuset at alle skal få eit bra tilbod, enten om du er den neste Ronaldo eller ein god benkeslitar.

Dette skaper ein viktig arena for barn og ungdom, utanfor skule kor dei kan oppleva venskap og meistring. Her blir alle inkludert, spesielt vises det godt kor viktig dette er for integreringsarbeid. Her skapes det ein arena kor alle deltar likt, uavhengig av bakgrunn. Sjølv om fotballen står i fokus, blir det verkeleg lagt opp til aktiver rundt dette også. Slik at alle kan trivast.

Det kan også nemnast at han har gjort ein spesiell innsats for at jentefotballen skal løftas fram og blir ennå meir anerkjent. Johnny Vik legg ned betydeleg tid på dette arbeidet, der fokuset er å skapa ei god oppleving for alle barn og unge i Ølen og Vindafjord.

Kulturstipend                  

Heine Erik Hustveit, Skjold

Utvalet for oppvekst og omsorg (OPOM) i Vindafjord har tildelt Kulturstipendet for 2021 til Heine Erik Hustveit. Han er ein ungdom frå Skjold som har satsa på sprintpadling på nasjonalt nivå. Heine Erik har i denne idretten oppnådd fleire medaljar i NM, mellom anna to gull og to bronse i lagbåt.

Framover vil han satsa meir på individuelle medaljar, eller K1 som det heiter, og ønskjer å nytta stipendet til ny kajakk, utstyr og reiser for å kunna utøva idretten og nå høgare mål. 

OPOM vonar at han gjennom den støtt stipendet vil kunna nå sine mål og representera Vindafjord på ein god måte gjennom idretten.