Ny runde med koronamidlar

Vindafjord kommune har i runde 6 fått tildelt 501.000 kroner i midlar til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Søknadsfrist er 21. januar.

Dresskledde personar i lilla bilete med blå koronavirus rundt. - Klikk for stort bilete Gerd Altman, Pixabay

Kommunen har i tre tidlegare rundar blitt tildelt til saman kr 1.717.935 kroner. Lokalt næringsliv i Vindafjord må søka på dei nye midlane som skal

  • kompensera lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av inngripande restriksjonar, at reservane er brukt opp, smitteverntiltak og nedstenging.
  • vera ei ventilordning som kan nyttast til å hjelpa dei verksemdene som av ulike grunnar fell utanfor lønsstøtteordninga eller den generelle kompensasjonsordningar.

Målgrupper

Kommunane har stor fridom til å tilpassa kva verksemder dei kan støtta avhengig av den lokale situasjonen.

  • Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Vindafjord kommune med særleg vekt på bransjane som er knytt til servering, overnatting og reiseliv.
  • Andre bedrifter i kommunen som kan dokumentere å vera ramma av smitteverntiltak eller nedstenging, med tilhøyrande auka kostnadar, tap av omsetning eller risiko for å mista viktig arbeidskraft, kan også søka.

Meir informasjon og korleis søka