Kommunal kompensasjonsordning runde 6 for verksemder som er spesielt råka av covid-19

Vindafjord kommune har på ny fått tildelt midlar til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Like før jul blei det gjort ei tildeling der Vindafjord kommune er fekk 501.000 kroner. Kommunen har i tre tidlegare rundar blitt tildelt til saman 1.717.935 kroner. Lokalt næringsliv i Vindafjord må søka på midlane. Søknadsfrist er 21.01.2022.

Gerd Altman, Pixabay

Den kommunale kompensasjonsordninga for lokale verksemder har vore viktig for å sikra verdiar og jobbar i heile landet. Regjeringa har gjennom saldert budsjett forsterka ordninga med nye 500 millionar kroner som kommunane skal bruka til å støtta lokalt næringsliv gjennom krisa. Dette er den 6. runden med slik støtte under pandemien, og Vindafjord har fått tildelingar i 3 av rundane tidlegare.

  • Alle kommunane får minst 250.000 kroner kvar.
  • Resten av midlane er fordelt etter tal sysselsette i serverings- og overnattingsverksemder og reisearrangørar 1. kvartal 2021.

Midlane skal

  • kompensera lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av inngripande restriksjonar, at reservane er brukt opp, smitteverntiltak og nedstenging.
  • Vera ei ventilordning som kan brukast til å hjelpa dei verksemdene som av ulike grunnar fell utanfor lønsstøtteordninga eller den generelle kompensasjonsordningar.

Målgrupper

Kommunane har stor fridom til å tilpassa kva verksemder dei kan støtta avhengig av den lokale situasjonen.

  • Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Vindafjord kommune med særleg vekt på bransjane som er knytt til servering, overnatting og reiseliv.
  • Andre bedrifter i kommunen som kan dokumentere å vera ramma av smitteverntiltak eller nedstenging, med tilhøyrande auka kostnadar, tap av omsetning eller risiko for å mista viktig arbeidskraft, kan også søka.

Vurdering av søknadar

Støtta gis etter reglane for offentleg støtte og nasjonal notifisert ordning under Covid-19 rammeverket (Dec. No 031/21/COL). 

Det er krav om at søkar fyller ut eigenerklæring om offentleg støtte, samt eigenerklæring om verksemda er i økonomiske vanskar. Desse eigenerklæringane er innarbeida i www.regionalforvaltning.no.

Kostnadar og tap må være knytt til siste halvår 2021, omsetning i forhold til siste halvår 2019.

Søknaden må dokumentera tap som følge av smitterverntiltak og nedstenging. Dette kan som eksempel gjerast med følgande vedlegg:

  • Skildring og dokumentasjon for auka kostnadar og tap i 4. kvartal 2021 (for eksempel avbestillingar, faktura gjeldande covidtiltak osv.).
  • Utgreiing om kvifor verksemda er særleg hardt ramma av lokale og/eller nasjonale smitteverntiltak.
  • Rekneskap for perioden 01.07.19 - 31.12.19.
  • Omsetning frå rekneskapen for perioden 01.07.21 - 31.12.21.

Involverte kommunar eller andre aktuelle instansar har rett til å kontrollera dei oppgitte opplysningane mot godkjent rekneskap i ettertid, og kan kreva utbetalt tilskot tilbakebetalt om det er gitt på feilaktig grunnlag.

Søknadane vil bli behandla administrativt kort tid etter søknadsfrist og utbetalt på kontonummer som er oppgitt i søknaden. 

Innsending av søknad

Søknad skal sendast  på regionalforvaltning.no

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 21.01.2022.

Anna informasjon

Opplysningar som blir gitt i søknaden vil i utgangspunktet vera offentlege etter offentleglova.

Ordninga følger reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll med meir

Kontaktpersonar

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med førstelinjetenesta vår, Medvind24 næringshage på e-post post@medvind24.no eller mobil 45 86 55 08.

Kontaktperson i kommunen er Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samfunnsutvikling.
Mobil 93 64 60 43 eller e-post anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no.

Kontaktinformasjon

Medvind24 Næringshage
E-post
Mobil 45 86 55 08