Val 2025

Har du stemmerett?

Dette er krava du må oppfylle for å kunne stemma ved stortingsvalet 2025:

  • Norsk statsborgar
  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2025
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge

Korleis stemmer du?

Sjølve valet går føre seg ved personleg oppmøte i eit stemmelokale på valdagen. Har du tidlegare avgitt førehandsstemme, er det denne som gjeld. Du kan fritt avgjera om du ønskjer å avgje førehandsstemme eller stemme på valgdagen.

Alle vallokala i Vindafjord kommune har ope frå 12.00 - 20.00 på valdagen 08. september. Du kan røysta i det vallokalet du ønskjer i din kommune.

For å røysta på valdagen må du stå i manntalet i den kommunen du skal avgje stemma i (vera registrert busett i Vindafjord kommune 30. juni i valåret).
Hugs å ta med legitimasjon!

Vallokale og opningstider

I Vindafjord har me følgjande valkrinsar og lokale på valdagen:

I Vindafjord har me følgjande valkrinsar og lokale på valdagen:
Stemmekrins Vallokale Opningstider
Ølen valkrins Ølen kulturhus 12.00-20.00
Sandeid valkrins Sandeid samfunnshus 12.00-20.00
Vikedal valkrins Vikedal bygdahus 12.00-20.00
Imsland valkrins Imsland bygdahus 12.00-20.00
Vikebygd valkrins Vikebygd bygdahus 12.00-20.00
Bjoa valkrins Bjoa bygdahus 12.00-20.00
Vats valkrins Vindafjordhallen 12.00-20.00
Skjold valkrins Skjold arena 12.00-20.00
Vågen valkrins Vågen bygdasenter 12.00-20.00

Ditt vallokale står oppført på meldinga du får frå Valgdirektoratet.

Tidlegstemme

Tidlegstemmeperioden startar 1. juli og varer til 8. august. Du kan tidlegstemme i kva kommune som helst dersom du ikkje har høve til å stemma i den ordinære førehandstemmeperioden eller på valdagen.

I Vindafjord kommune kan du avgje tidlegstemme i Servicetorget på rådhuset mellom kl. 09.00 og 14:30, mandag til fredag.

Førehandstemming

Den ordinære førehandsstemmeperioden startar 10. august i valåret, og fristen for å stemme på førehand i Noreg er seinast 5. september. 

I 2025 er 10. august ein sundag, og forhåndsstemminga startar då måndag 11. august.

Skal du stemme på førehand, kan du gjera det i kommunar kvar som helst i landet.
Dersom du stemmer på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil stemma automatisk bli sendt til heimkommunen.
Stemmene må vera Vindafjord kommune i hende før kl. 17.00 dagen etter valdagen for at dei skal telja med i valoppgjeret.

Hugs å ta med legitimasjon!

Tidspunkt og stadar for førehandsstemming i Vindafjord kommune:

Tidspunkt og stadar for førehandsstemming i Vindafjord kommune:
Stad Opningstid
Vindafjord Rådhus Mandag 10.08 til fredag 05.09 kl. 09.00-14.30
Vindafjord Rådhus Tirsdag 02.09 og torsdag 04.09: kl. 09.00-20.00
Vikedal bygdahus Laurdag 30.08. kl. 11.00-14.00
Skjold Arena Laurdag 30.08. kl. 11.00-14.00

 

Sjå tider for førehandsrøysting ved institusjonar og skular

Stemme heime (ambulerande stemming)

Veljarar som er for sjuke til å ta seg fram til eit vallokale har krav på å få stemma heimefrå. Frist for å søka om å stemma heime er innan torsdag 04. september klokka 10.00. Det er ikkje krav om skriftleg søknad. Du kan ringa vårt servicetorg på telefon 53 65 65 65, eller sende e-post og be om å få stemma heimefrå.

Stemme i utlandet

Frå 1. juli til 29. august kan veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet førehandsstemme ved norske ambassadar og andre utanriksstasjonar, eller hos andre oppnemnde stemmemottakarar.

Nærare valet finn du stemmestader i utlandet på valglokaler.no.

Veljarar i utlandet som ikkje har høve til å oppsøkje ein stemmemottakar, kan stemme med brevpost.

Ved brevsstemming har veljarane sjølve ansvar for at stemma kjem fram til valstyret i rett kommune innan klokka 17.00 den 9. september.

Står du i manntalet?

Alle veljarar som har stemmerett og er busett i Norge, står i manntallet i den kommunen dei var registrert busett i den 30. juni 2025. 

Har du flytta, og folkeregisteret ikkje har mottatt flyttemelding innan 30. juni 2025, står du framleis oppført i kommunen du flytta frå. Du kan då velja om du vil stemma på valdagen i den kommunen du flytta frå eller om du vil førehandsstemma.

Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn frå det er klart, rundt 10. juli og til og med valdagen, på servicetorget ved rådhuset i Ølen.

Dersom du meiner du er feil innført i eller utelatt frå manntalet, kan du krevje feilen retta. Krav om retting gjeld feil, ikke i forhold til flytting etter 30. juni 2025.

Krav om retting skal væra skriftleg og grunngjeve. Kravet kan sendast til postmottak@vindafjord.kommune.no, eller til Valstyret, Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Valkort utgår ved stortingsvalet i 2025

Valdirektoratet sender informasjon til alle stemmeføre veljarar med folkeregistrert adresse i Noreg om at dei har stemmerett, og kvar dei kan stemme på valdagen. 

Informasjonen blir sendt digitalt, men veljarar som har reservert seg mot digital kommunikasjon med det offentlege, eller som ikkje har stadfesta opplysningane i kontakt- og reservasjonsregisteret dei siste 18 månadene, får informasjonen tilsendt på papir.

Til forskjell frå valkortet er dette eit reint informasjonsprodukt. Informasjonen som blir sendt ut, inneheld ikkje strekkode som kan skannast i vallokala.

Informasjon til valmedarbeidarar

Her kjem meir informasjon til deg som er valmedarbeidar i Vindafjord kommune.

Valstyret

Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av stortingsval og kommunestyre- og fylkestingsval. Dei har også ansvar for godkjenning av listeforslag og kven som blir stemt inn (valoppgjer). Leiar i valstyret er ordføraren.

Kontaktinformasjon

Artikkelliste