Korleis kan du vera med å forma vindafjordsamfunnet i framtida?

Ved å svara på denne digitale spørjeundersøkinga gir du oss eit viktig kunnskapsgrunnlag i arbeidet med revisjon av kommuneplanen.

Me vil gjerne høyre di meining!

Det tek om lag 5-10 minutt å svara på spørjeundersøkinga.

Alle svar blir anonymiserte.

Me vil ha svar frå alle, enten du er liten eller stor, ung eller gamal, bur i Vindafjord eller berre har ein meining om Vindafjord.

Frist for å svare på spørjeundersøkinga er 31. oktober.

Tre satsingsområde

Ved revisjon av kommuneplan har Vindafjord valt tre satsingsområde. Trykk på knappane under for å lesa meir om kvart satsingsområde.

Berekraftig kommune

Attraktive lokalsamfunn

Framtidsretta tenester - Gode liv og livslang læring