OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Revisjon av kommuneplan

Alle kommunar skal ha ein plan for korleis bygga og utvikla kommunen. Eit mål og ein plan for framtida. Kommuneplanen består at to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel.

Ein revisjon er med andre ord ei oppdatering eller ei fornying for å sikra at kommuneplanen er «levande». I takt med utviklinga blir planen revidert nå.

Siste nytt: 

Kommuneplan for Vindafjord kommune 2024-2036, samfunnsdel -  høyring og offentleg ettersyn

Formannskapet i Vindafjord vedtok i møte 19.09.2023, i medhald av plan- og bygningslova §§ 5-2 og 11-14, å legge forslag til Kommuneplan for Vindafjord kommune 2024-2036, samfunnsdel med arealstrategiar ut til høyring og offentleg ettersyn. Planforslaget er utarbeida med bakgrunn i planprogram fastsett av Vindafjord kommune 22.06.2021. 

Høyringsperioden er 14.10.2023 – 18.12.2023.

Relevante dokument finn du her.

 

Til toppen