Kom med innspel til korleis me skal bruka areala i kommunen

I arealdelen til kommuneplanen blir det bestemt korleis me skal bruka areala på land og i sjø. Dette skjer gjennom vedtak av eit kart som viser område for sentrumsfunksjonar, bustadar, hytter og næring, landbruks-, natur- og friluftsområde med meir.

I denne revisjonen av arealdelen skal me sjå på areal for bustad, næring, sentrum, sjøareal og strandsone og landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område).

Du kan koma med innspel gjennom den digitale kartløysinga.

Du kan også senda oss e-post eller brev. Forklar kort formålet med innspelet og legg ved eit kart, bilete eller anna dokumentasjon. Merk innspelet med «Innspel til kommuneplanen».

For e-post, bruk adressa postmottak@vindafjord.kommune.no

For brev, bruk adressa Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Frist for å sende inn innspel er 31. oktober.