Informasjon om høyring av arealdelen og det vidare arbeidet med planen.

I arealdelen til kommuneplanen blir det bestemt korleis me skal bruka areala på land og i sjø. Dette skjer gjennom vedtak av eit kart som viser område for sentrumsfunksjonar, bustadar, hytter og næring, landbruks-, natur- og friluftsområde med meir.

Kommuneplan sin arealdel (KPA) blir lagt fram for andregangsbehandling i formannskapsmøtet den 09.06.2026. Sjå Behandling av kommuneplanen for meir informasjon.

Om høyringa etter førstegangsbehandling av kommuneplanen:
Formannskapet i Vindafjord kommune vedtok den 10.12.2024 å sende forslag til kommuneplanen sin arealdel for perioden 2025 til 2037 på høyring. Høyringsfrist blei satt til 22.04.2025. Etter søknad fekk nokre utsett høyringsfrist til 15.05.2025.

Kommuneplanen sin arealdel bygger på føringane gitt i planprogrammet for kommuneplanen og kommuneplanen sin samfunnsdel.

Heile planforslaget finn du her:  Kommuneplanen sin arealdel 2025-2037

Direktelink til dei ulike delane av planforslaget: 

Du kan og sjå kva innspel som kom inn gjennom den digitale kartløysinga. NB! Denne løysinga har ein feilmelding under oppstart der det står at du må logge deg på. Trykk avbryt på denne (må trykke fleire gonger). Etter dette kjem du inn i løysinga.

Formannskapet sitt vedtak og alle sakspapir finn du her.

Innkomne høyringssvar