Kommuneplan sin arealdel (KPA) var oppe til andregangsbehandling i formannskapsmøtet den 09.06.2026.
Det kom inn mange motsegner, uttalar og nye innspel då planforslaget var på høyring i 2025. Kommunedirektøren sine oppsummeringar og vurderingar av desse går fram av dei tre dokumenta
Desse dokumenta var del av saksframlegget til behandlinga av saka i formannskapet 09.06.2026. I møtet vedtok formannskapet å senda det reviderte utkastet til arealdel på uttale med nokre endringar i forhold til kommunedirektøren si innstilling, sjå vedlagde saksframlegg med innstilling og vedtak. Kart og føresegner er oppdaterte i samsvar med vedtaket.
Motsegner
Statsforvaltaren i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Statens vegvesen hadde motsegner mot fleire forslag. Det er gjennomført tre administrative drøftingsmøte med sikte på å finna løysingar på motsegnene, sjå link til referata. Det er foreslått endringar i nokre område i samsvar med drøftingane, i andre er det ikkje funne løysing på motsegnene og kommunen opprettheld forslaga. Formannskapet sitt vedtak kan påverke nokre av løysingsforslaga som er foreslått gjennom drøftingsmøta.
Uttalar til endringsforslag
Dette gjeld i all hovudsak uttalar frå grunneigarar som ikkje er samd i endringar i arealføremål som er gjort på deira eigedomar eller innspel som ikkje er tekne med. På bakgrunn av uttalane vart det gjort endringar for nokre område.
Nye innspel
Det kom og inn ein del nye innspel til endra arealføremål. Nokre av desse er tekne inn i planforslaget.
Planskildring og KU og ROS-dokumentet
Planskildringa er omarbeidd og utvida, særleg med revidert bustadanalyse og gjennomført planvask. Drøftinga av motsegn knytt til planvask kravde oppdatert arealrekneskap, og denne er ikkje oppdatert på nytt etter vedtak i formannskapet. Planskildringa viser alle endringar i arealformål opp mot gjeldande KPA, slik saka blei lagt fram for formannskapet. Heile planskildringa med undertema vil bli oppdatert ved endeleg behandling.
KU- og ROS-dokumenta er oppdaterte slik at alle endringar i arealformål er vurderte. Vurderinga av samla verknader vil bli oppdatert ved endeleg behandling
Tekniske oppdateringar til endeleg vedtak
- Eit bustadområde i Skjold, nr. SK04 i KU og ROS-dokumentet, er omtalt i «Uttalar med motsegner» og tilrådd tatt med i revidert planforslag, men er ikkje komme med i framlegg til vedtak.
- I vedtak pkt. 2 b) andre sterkpunkt er det vist til SK09, men endringa gjeld eit eksisterande næringsområde, nemna som NÆ11.
Dei foreslåtte endringane krev ny høyring før kommunen kan ta planforslaget opp til endeleg behandling.
Oppdatert forslag til arealdelen til kommuneplanen blir no sendt på uttale. Ev. uttale kan sendast skriftleg til Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen eller som e-post til postmottak@vindafjord.kommune.no
Frist for eventuell uttale 01.09.2026.
Saksframlegg:
Revidert utkast til kommuneplanen sin arealdel:
Delvurderingar:
• Samla vurdering av eksisterande og nye naust
• Naturmangfaldsrapport for 6 område i kommuneplanen
Referat drøftingsmøte:
• Referat frå drøftingsmøte 18.06.2025 (PDF, 211 kB)
• Referat frå drøftingsmøte 01.09.2025 (PDF, 6 MB)
• Referat frå drøftingsmøte 24.10.2025 (PDF, 7 MB)
Ved manglande svar i sommarferien, ta kontakt med servicekontoret på tlf: 53 65 65 65.