Informasjon om høyring av arealdelen og det vidare arbeidet med planen.

I arealdelen til kommuneplanen blir det bestemt korleis me skal bruka areala på land og i sjø. Dette skjer gjennom vedtak av eit kart som viser område for sentrumsfunksjonar, bustadar, hytter og næring, landbruks-, natur- og friluftsområde med meir.

Formannskapet i Vindafjord kommune vedtok den 10.12.2024 å sende forslag til kommuneplanen sin arealdel for perioden 2025 til 2037 på høyring.

Høyringsfrist blei satt til 22.04.2025. Etter søknad fekk nokre utsett høyringsfrist til 15.05.2025.

Kommuneplanen sin arealdel skal gi rammer og føringar for framtidig arealbruk kommune og den skal vise kva omsyn som skal bli vurdert i arealdisponering i kommunen.

Kommuneplanen sin arealdel bygger på føringane gitt i planprogrammet for kommuneplanen og kommuneplanen sin samfunnsdel.

Heile planforslaget finn du her:  Kommuneplanen sin arealdel 2025-2037

Direktelink til dei ulike delane av planforslaget: 

Du kan og sjå kva innspel som kom inn gjennom den digitale kartløysinga. NB! Denne løysinga har ein feilmelding under oppstart der det står at du må logge deg på. Trykk avbryt på denne (må trykke fleire gonger). Etter dette kjem du inn i løysinga.

Det er svært mange som har gitt eit høyringsinnspel og det er og fleire motsegner til planen.  Nokre statlege og fylkeskommunale organ kan fremje motsegner. Motsegnene må løysast før planen kan komme opp til endeleg behandling. Det vil framover først bli jobba med motsegnene til planen før alle høyringsinnspela vil bli vurdert.  Det er framleis ein intensjon om å få kommuneplanen sin arealdel opp til endeleg behandling i løpet av 2025, men tida som går med på å løyse motsegnene vil avgjere endeleg framdrift.

Formannskapet sitt vedtak og alle sakspapir finn du her.