Framtidas nærbutikk i Vikebygd- Varsel om oppstart

Planoppstart blir med dette varsla i samsvar med plan- og bygningslovens § 12-8. Vindafjord kommune utarbeider forslag til reguleringsplan for framtidas nærbutikk i Vikebygd. Utarbeiding skjer i samarbeid med Joker Vikebygd og barnehage og skule i Vikebygd. Arkipelet er konsulent på deler av arbeidet.

Føremålet med planen er å sjå på om nærbutikken i samarbeid med kommunen kan realisere ein ny butikk med aldersvennlege leilegheiter og ein utvida «base» i butikken som både skal tilby tenester og ein møteplass.

Eigedommen er ikkje regulert frå før. I gjeldande kommuneplan er tomta sett av til offentleg/privat tenesteyting. I forslag til ny arealdel for kommuneplanen er tomta sett av til kombinert byggje- og anleggsformål og opnar opp for både bustad og butikk på tomta. Planinitiativet utgreier kvifor Vindafjord kommune har vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav til konsekvensutgreiing (KU).  

Hovudeigedommane i planområdet er 328/41 og 83. Planområdet dekker også fylkesvegen for å sikre tilkomst direkte frå fylkesvegen. Størsteparten av tomta til dagens barnehage og skule med tilkomst i nord er med i planområdet. Her er også tilkomst frå fylkesveg i nord tatt med. Planområdet er ca 55 daa.

Plangrense

 

 

 

 

 

 

 

 

For nærare informasjon  og eventuelle merknadar/innspel til oppstart av planarbeidet kan sendast til Vindafjord kommune, Østbøvegen 2, 5585 Sandeid eller på e-post til landbruk@vindafjord.kommune.no innan 3. oktober.

Under føljer ei liste over varslingsdokument:

 

Etter at fristen er ute, vert planforslaget utarbeidd og tatt opp til behandling i formannskapet. Etter 1. gangs behandling vert planforslaget lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komme med uttalar/merknadar til planforslaget, før endeleg behandling av planen.