Bygdeutviklingsmidlar

Er du bonde og har behov for å investera i driftsbygning eller utvikla ny næring på garden? Då kan du få støtte gjennom fylkesvise bygdeutviklingsmidlar. Det er Innovasjon Norge som handsamar søknaden.

  • Ein føresetnad er at tiltaket er lønnsamt og miljømessig forsvarleg
  • Prioriterte område varierer over tid

Meir om regionale prioriteringar for landbruksmidlar.

Hjelp til å søka

Landbruksavdelinga i kommunen kan hjelpa til med søknadar om støtte til tiltak som er prioriterte i tråd med gjeldande landbrukspolitikk. Du kan få hjelp til utforming av søknad og orientering om moglegheitane for finansiering. Ta kontakt dersom du tenker på å investera.

Slik søker du

Du søker om bygdeutviklingsmidlar via Innovasjon Norge. Det er Innovasjon Norge som handsamar søknaden.

Søknaden må innehalde

  • 5-årig driftsplan
  • teikninger
  • kostnadsoverslag
  • pristilbud
  • kart
  • finansieringsplan
  • sjølvmelding
  • næringsoppgaver.
  • evt. avtaler om leige av jord og mjølkekvote
  • Krav til vedlegg

Søknadsskjema og meir informasjon hos Innovasjon Norge

Tilleggsnæring i landbruket 

For tilleggsnæringar til garden har kommunen også ein avtale med Medvind Næringshage om 10 timar gratis rådgjeving i ein startfase.

Meir om tilleggsnæring i landbruket

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Harald Olav Stuhaug
Rådgjevar landbruk
Areal og forvaltning
E-post
Mobil 992 36 114