Ungskogpleie

Når ny forynging er etablert på ei hogstflate, er det viktig å halda kontroll på konkurrerande vegetasjon, som høge urter, lauvtre eller anna naturleg forynging som kjem opp mellom plantene.

Planter som blir ståande for lenge under annan vegetasjon, vil begynna å stura, få skadar på toppskot og greiner eller i verste fall døy.

Trea vil halda fram veksten igjen når dei blir fristilte, men produksjonstapet i den tida dei står undertrykte vil aldri kunna takast igjen, og tida fram til hogstmodne tre blir forlenga. Det er derfor svært viktig å følga opp plantefelta med ungskogpleie i rett tid.

Lauvrydding

På superbonitet kan det bli behov for 2 rundar med lauvrydding. Den ideelle tida for første rydding er normalt når bartreplantene er 1-4 meter høge.

Ungskogpleie kan utførast heile året, men det er mest oversiktleg når det ikkje er blad på lauvtrea. Om det ikkje passar å utføra arbeidet sjølv, er det fleire skogaktørar som tilbyr tenesta.

Nyttige lenker

Tilskot og skogfond

Med tilskot og bruk av skogfond med skattefordel er lauvrydding og avstandsregulering noko av det mest lønnsame ein kan gjera i eigen skog. Det er også lønsamt for samfunnet og positivt for klimaet.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Gitte P Halvorsen
Gitte P Halvorsen
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 69 89 66
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80