Skogkultur

Det er gode tilskotsordningar for investering i ny skog. Til dømes planting, supplering og ungskogpleie, med føremål å auka verdiskapinga i skogbruket og binda meir CO2.

Det er gode tilskotsordningar for investering i ny skog. Til dømes planting, supplering og ungskogpleie, med føremål å auka verdiskapinga i skogbruket og binda meir CO2.

Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)

Dette er eit statleg tilskot som statsforvaltaren organiserer, men som blir forvalta av kommunane ut frå reglane i NMSK-forskrifta og vedtatte lokale, langsiktige planar.

Tiltaksstrategi NMSK 2026-2029 for Vindafjord (PDF, 425 kB)

Eksempel på tilskotssatsar

Planting etter gran og sitkagran: 30 prosent

Planting etter furu og lerk: 50 prosent

Planting etter lauv: 60 prosent

Suppleringsplanting: 60 prosent

Ungskogpleie: 60 prosent

Vilkår

Rettleiande kostnadsgrenser og maksimalsatsar for skogkulturkostnader utarbeidd av Statsforvaltaren skal leggast til grunn for utmåling av tilskot.

Det skal berre brukast godkjente treslag og proveniensar i tråd med Skogfrøverket sine anbefalingar for Vindafjord kommune sitt område og høgdelag. 

Tilskot til tettare planting som klimatiltak

Kommunen forvaltar ordninga i tråd med reglane i NMSK-forskrifta og fastsette miljøkrav. Midlane inngår i ein felles pott for heile landet, og Landbruksdirektoratet har sett felles tilskotssatsar og fristar.

Tilskotssatsar for 2026

  • Gjødsling av skog: inntil 40 prosent
  • Tettare planting ved nyplanting: inntil 30 prosent
  • Suppleringsplanting: inntil 30 prosent

 

Ved nyplanting kan det gjevast tilskot for inntil 50 planter/daa utover eit fastsett bonitetsavhengig minimumstal.

Ved supplering kan det gjevast tilskot til inntil 75 planter per dekar.

Tilskotssatsane er fastsette på grunnlag av tildelinga og venta aktivitet. Dersom søknadsmengda blir større enn tildelinga, kan satsane bli redusert. Det vil i tilfelle mest sannsynleg kunna skje i siste søknadsomgang (25. november).

Søknadsomganger og fristar

  • Gjødsling av skog: 15. september
  • Tettare planting ved nyplanting: 25. november
  • Suppleringsplanting: 25. november

For seint innkomne søknader blir ikkje tildelt tilskot.

Les meir om ordninga og søk om tilsko på nettsidene til landbruksdirektoratet.

Gjødsling: 

Tettare planting

Kommunalt tilskot til skogkultur

Det kommunale tilskotet gjeld dei same tiltaka som NMSK-tilskotet. Dei siste åra har satsane variert mellom 10-15 prosent avhenging av forventa aktivitet i forhold til budsjettet.

Slik søker du

Søknad om tilskot kan leverast digitalt i Skogfondssystemet via AltInn  

eller på skjema (PDF, 168 kB) til kommunen innan innan 25. november for planting, jamfør fristen for klimatilskotet.

Send derfor søknaden om tilskot til skogkultur så snart du har mottatt fakturaen, eventuelt etterspør fakturaen om tida begynner å bli knapp. Faktura og kart skal følga søknaden.

Søknad om tilskot til andre skogkulturtiltak, som til dømes ungskogpleie, bør ikkje leverast kommunen seinare enn 25. november, om me skal klara å registrera og behandla søknadane i økonomisystemet for skogbruk (ØKS) før fristen ved utgangen av november.

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Gitte P Halvorsen
Gitte P Halvorsen
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
Telefon 47 69 89 66
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
Telefon 97 54 01 80