Innmarksbeite

Innmarksbeite er jordbruksareal som kan nyttast til beite, men som ikkje kan haustast maskinelt. Arealet skal ha grasrik vegetasjon med minst 50 prosent kulturgras og beitetålande urter.

Det skal være rydda for kratt og hogstavfall slik at arealet er godt tilgjengeleg for beitedyr. Innmarksbeite skal ha eit tydeleg kulturpreg.

Alt innmarksbeiteareal skal godkjennast av kommunen og registrerast i gardskart før det gir grunnlag for arealtilskot. 

Ta kontakt med Anne Karin Langeland i god tid før sommaren for å avtale synfaring, slik at arealet kan registrerast som innmarksbeite innan søknadsomgangen i oktober.

Innmarksbeite kan godkjennast som spreieareal, dersom forholda ligg til rette for det. Det er kommunen som godkjenner spreieareal.

Nyttig informasjon

Kontaktinformasjon

Anne Karin Langeland
Landbrukskonsulent
Areal og forvaltning
E-post
Telefon 53 65 61 38
Erle Mæland Aasheim
Einingsleiar
Areal og forvaltning
E-post
Mobil 907 77 655