Husdyrgjødsel og spreieareal

Ny gjødselbruksforskrift  

Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har fastsett ny forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv. (gjødselbrukforskrift). Forskrifta gjeld frå 1. februar 2025.  

Formålet med forskrifta 

Forskrifta skal sikre at gjødsel blir brukt som ein ressurs, samtidig som ho førebyggjer forureining og helseulemper ved lagring og bruk. Ho skal også leggje til rette for gode avlingar, effektiv utnytting av næringsstoff i gjødsel og jord, og redusert tap av næringsstoff til vatn og luft. 

Legg inn lenkar 

Sjå Forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv hos Lovdata 

Sjå Landbruksdirektoratet sin rettleiar til forskrifta her 

 

Her er dei viktigaste endringane: 

Strengare grenser for kor mykje fosfor du kan spreie per dekar frå 2027. 

Kortare spreieperiode: 1. mars–1. september (lokal forskrift for Rogaland). 

Krav om gjødslingsjournal frå 2026. 

Forskrifta gjeld både husdyrgjødsel og mineralgjødsel. 

Innmarksbeite må vera godkjent for spreiing av husdyrgjødsel og mineralgjødsel. 

Strengare krav til spreieareal 

Frå 2027 vert det strengare grenser for kor mykje fosfor du kan spreie per. dekar og fosfor frå mineralgjødsel må reknast inn. Du kan alternativt føre balansert fosforrekneskap for heile føretaket. 

Fosforgrenser (P/daa) for Rogaland: 

Fram til 01.01.2027: 3,5 kg P/daa 

Nye grenser: 

2027–2029: 3,1 kg P/daa 

2030–2032: 3,0 kg P/daa 

2033 → : 2,7 kg P/daa 

 

Spreiefrister i Vindafjord 

Vindafjord følgjer den lokale forskrifta for Rogaland: 

Spreieperioden for organisk gjødsel er 1. mars til 1. september. 

Spreiing er forbode på snødekt eller frossen mark. 

Arealet som blir gjødsla, skal haustast eller etablerast med ny vekst same året. 

Kommunen kan ikkje gi dispensasjon for spreiefristen. Dispensasjon kan berre givast av Statsforvaltaren, og berre i særlege tilfelle. 

For føretak som søker Tilskot til miljøvennleg spreiing, nedlegging av husdyrgjødsel (RMP), er siste frist for spreiing 10. august på dei omsøkte felta. 

Nytt krav om gjødslingsjournal 

Frå og med 2026 skal alle som bruker gjødselvarer føre gjødslingsjournal. Kravet gjeld for alle brukarar – også dei som berre gjødslar små areal, brukar lite gjødsel eller ikkje har krav om gjødslingsplan. Journalen bør førast fortløpande gjennom sesongen og skal kunne leggjast fram ved kontroll seinast 1. november same året. 

 

Gjødseljournalen skal vise: 

kor og når det er gjødsla 

kva for type og mengd gjødsel som er brukt 

kor mykje nitrogen og fosfor som er tilført for kvart areal 

kor mykje nitrogen og fosfor som er brukt totalt 

 

Frå 2026 skal alle som gir vekk, sel eller mottar meir enn 75 kg fosfor per år, dokumentere dette. Informasjonen kan førast direkte i gjødslingsjournalen, òg skal vise mengd, type gjødsel, kg fosfor, dato og mottakar. Det bør òg vere ei kvittering mellom leverandør og mottakar som inneheld denne informasjonen.  

For mindre mengder husdyrgjødsel er det ikkje krav om særskilt notering, men gjødsel som blir mottatt skal minst registrerast i gjødslingsjournalen. Gjødslingsplanen skal vise korleis eit eventuelt overskot av husdyrgjødsel blir handtert. 

 

Endring i krav om gjødslingsplan 

Kravet om gjødslingsplan er no knytt til kor mykje areal du faktisk gjødslar. 

Du skal ha gjødslingsplan dersom du gjødslar meir enn 25 dekar per år. 

For potet og grønsaker med høgare fosforgjødsling enn dei generelle grensene, er grensa 5 dekar. 

Areal som berre blir gjødsla av beitande dyr, blir rekna som ugjødsla. For å få fullt arealtilskot er det likevel forventa normal gjødsling. 

Med den nye forskrifta kan enkelte sauebruk som tidlegare hadde fritak, no få krav om gjødslingsplan, medan enkelte frukt- og bærprodusentar ikkje lenger er omfatta. Kraftig gjødsling er ikkje lov sjølv på små areal, og ein gjødslingsplan kan vere eit nyttig verktøy.  

Alle dispensasjonar knytte til gjødslingsplan er oppheva.  

Forskrift om gjødslingsplanlegging blei oppheva 01.01.2026. Alle tidlegare vedtak om fritak frå kravet om gjødslingsplan er dermed oppheva. Dersom dette framleis er relevant for deg, må du søkje Statsforvaltaren om dispensasjon frå kravet om gjødslingsplan som no ligg i gjødselbrukforskrifta. 

 

Overgangsreglar i korte trekk 

2026: Same fosfor grenser som før (3,5 kg P/daa). 

2026: Krav om gjødslingsplan + gjødseljournal. 

2027: Ny spreiefrist (1. mars–1. september).  

2027: Fosforgrense vert strengare (3,1 kg P/daa). 

2028: Spreiing av mineralgjødsel på innmarksbeite krev også kommunal godkjenning. 

 

Kontroller om du har tilstrekkeleg spreieareal 

På heimesida til Landbruksdirektoratet finn du ein enkel kalkulator som bereknar kor mykje fosfor som blir produsert på gardsbruket ditt, og om spreiearealet er stort nok i høve til regelverket. Fosfor frå mineralgjødsla skal også leggjast inn i kalkulatoren, slik at det blir teke med i det samla rekneskapet. 

Legg inn linkKor mykje gjødsel (fosfor og nitrogen) kan du spreie - Landbruksdirektoratet 

Informasjon om innmarksbeite godkjent som spreieareal 

Temakart Rogaland tilbyr ei kartløysing som skal gi god oversikt over kor mykje innmarksbeite som er godkjent som spreieareal for kvar landbrukseigedom.                             

Du kan sjå godkjent spreieareal i Temakart Rogaland her. Legg inn link https://www.temakart-rogaland.no/apps/map/spreieareal  

Kommunen teiknar inn alt godkjent spreieareal i innmarksbeite her, slik at kartet gir ei oversikt over kva område som kan spreiast med husdyrgjødsel og mineralgjødsel.  

 

 

 

Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal 

Du må søkje kommunen om lov til å spreie husdyrgjødsel og/eller mineralgjødsel på innmarksbeite.  

I avgjerder om godkjenning av spreieareal, blir det gjort ei avveging mellom nytten av gjødselspreiing og eventuelle konsekvensar tiltaket kan få for natur- og kulturlandskapsverdiane. Kommunen skal gjera vurderingar etter prinsippa i naturmangfaldlova, risiko for forureining av vatn og vassdrag etter vassforskrifta og vurdere korleis gjødsling kan påverke landskapsbilete og kulturminne.  

Beite, eller dei delane av eit beite som ein ikkje bør bruka gjødsel på, blir ikkje godkjent som spreieareal. Dette kan til dømes vera 

areal nær elv og vatn 

under kraftlinjer 

der det er mykje stein 

der ein ikkje kjem til med spreieutstyr 

Beitepraksis og tilkomst til areala er også ein del av vurderinga. 

 

Slik søkjer du 

For å søkje om innmarksbeite godkjent som spreieareal fyller du ut skjemaet «Søknad om beite godkjent som spreieareal» og legg ved kart over arealet du søker for. 
Send søknaden til: postmottak@vindafjord.kommune.no.                                      Søknadsskjema: [Legg inn lenke til skjemaet her] 

 

 

 Har du spørsmål? 

Ta kontakt med Landbrukskontoret i Vindafjord for rettleiing, kart og søknadsprosessar. 

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Anne Karin Langeland
Anne Karin Langeland
Konsulent
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 69 86 67
Profilbilde av Sissel Lilleland
Sissel Lilleland
Seniorrådgjevar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 47 78 03 92
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80