Laks og sjøaure

Miljødirektoratet vurderer kvart femte år reglane for kvar, når og korleis det er tillate å fiska etter anadrom laksefisk (sjøaure, laks og sjørøye) i sjøen og i vassdrag.

Fiske i vassdrag

For dei aller fleste vassdrag med laks og sjøaure er det krav om fiskekort.

Du må også betala nasjonal fiskeravgift for å kunna fiska etter anadrom laksefisk. Barn og ungdom under 18 år skal ikkje betala fiskeravgift. 

Slik betalar du fiskeravgift

Fiske i sjøen

Du skal ikkje betale fiskeravgift når du fisker med stang eller handsnøre i sjøen.

Skal du fiska etter laks, sjøaure eller sjørøye i sjøen med fastståande redskap, må du betala fiskeravgift. Slike redskap kan være lakseverp, kilenot eller krokgarn.

Du må registrera fiskeplassen hos Statsforvalteren.

Nye fiskereglar 2021-2024

Hovudendringane for fiske i sjøen:  

  • I 100-metersona ved utløpet av vassdrag vil det kun vera tillatt med stangfiske frå land i den tida vassdraget er ope for fiske.
  • Det er innført ytterlegare innstrammingar for fiske med sportsfiskereiskap i sjøen.
  • Dei største innstrammingane gjeld for fiske med faststående reiskap i sjøen.

Forskrift om fiske etter anadrom laksefisk i sjøen  (PDF, 155 kB)

Hovudendringane for fiske i vassdrag:    

Fisket er forbode i 844 av 1.284 vassdrag, berre 440 blir opne. Fram til og med 2020 var 1.030 vassdrag i Noreg opne.

Vassdrag med manglande fangstrapportering blir ikkje opna for fiske i perioden, med mindre fiskerettshavarane er i prosess for å få dette på plass.

Forskrift om fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag (PDF, 971 kB)

Andre nyttige lenker

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Morten Rørheim
Morten Rørheim
Rådgiver
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
Telefon 90 88 42 57
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
Telefon 97 54 01 80