Haugaland vassområde

Vassforskrifta sitt mål er å sikra eit mest mogeleg heilheitleg vern og berekraftig bruk av vatn. Landet er delt inn i vassområder med koordinatorar, og Sven-Kato Ege er koordinator for Haugalandet.

Vassområdekoordinator sine oppgåver

Koordinator har fleire oppgåver, kor det å hjelpa kommunen i arbeidet med oppfølging av vassforskriftsarbeidet er ein vesentlig del. Det innbefattar mellom anna

  • Utarbeida dokumenter i samband med søknadar, anbod, rapportering og så vidare.
  • Delta i gjennomføring av tiltak
  • Gjennomføra årleg overvaking av vassførekomstar
  • Stilla med fagleg kompetanse i kommunale saker

I tillegg er koordinator si rolle å legga til rette for medverknad og engasjement frå jeger- og fiskerforeingar, grunneigarlag, bønder, grunneigarar og andre med interesse for godt vassmiljø.

Har du spørsmål eller innspel, ta gjerne kontakt med vassområdekoordinator Sven-Kato Ege eller Hans Olav Stuhaug.

Nyttige lenker

Bakgrunn

Vassforvaltingsarbeidet er eit resultat av Noreg si implementering av EU sitt vassrammedirektiv gjennom ei eiga nasjonal vassforskrift i 2007. I motsetnad til dei andre kommunane på Haugalandet, er Vindafjord delt mellom to vassområde.

Vatnet som drenerer til Boknafjordbassenget ligg i Haugaland vassområde, mens vatnet som drenerer til Sunnhordlandbassenget, ligg i Sunnhordland vassområde. Både Haugaland og Sunnhordland vassområde har eigne vassområdekoordinatorer, om enn med ulik stillingsbrøk.

Formål

Vassforskrifta sitt mål er å sikra eit mest mogeleg heilheitleg vern og bærekraftig bruk av vatn.

Det betyr at me skal kunna bruka vassførekomstar (elvar, innsjøar, fjordar og så vidare) til rekreasjonsaktivitetar og næring utan å måtta bekymre oss for om vatnet er forureina, men også ta vare på og restaurera vassdrag for artar som lever der.

Målet er at alle vassførekomstar i Vindafjord skal ha god økologisk og kjemisk tilstand.

Kommunen si oppfølging 

Kommunen pliktar å følga opp tiltak innanfor sitt sektorregelverk, og jobbar aktivt for å nå miljømåla som er sett. Blant anna har kommunen (i samarbeid med bønder, grendeutval med fleire) gjennom Aksjon Vatsvassdrag arbeidd for å avgrense næringsavrenning til vassdrag i Vats.

Kommunen har også følgt og sanert utslepp til den høgt prioriterte Ølsfjorden. Overvaking av miljøtilstand i Vatsvassdraget viser betydelige forbetringar.

Vidare har kommunen fleire prosjekter og tiltak som skal bidra til betra vasskvalitet slik at miljømåla blir nådd:

Frivillige tiltak i landbruket på Haugalandet

Vindafjord bidrar sammen med dei andre kommunane på Haugalandet i spleiselaget til prosjektet. Det har som mål å minimera næringsavrenning frå jordbruk og hindre og gjenoppretta unødvendige inngrep i vassdrag med bakgrunn i auka kunnskap hos bønder.

Oppdrag Skjoldafjorden

Saman med Frivillige tiltak i landbruket på Haugalandet og Tysvær kommune, har kommunen nå fokus på å hindra næringsavrenning til Skjoldafjorden.

Fjorden og tilløpsbekkane er spesielt viktige oppvekst- og leveområde for sjøaure i fylket.

Sjøaureprosjektet i Vindafjord

Dei siste åra har ein fått kartlagt leveområda til sjøauren i svært mange vassdrag i Vindafjord. Kommunen er det best kartlagde kommunen i Rogaland med omsyn til sjøaure. I rapportane frå kartleggingane blir det føreslått ei rekke tiltak for å betra forholda for sjøauren. Det er i tråd med vassforskrifta sitt mål om god økologisk tilstand.

Kommunen jobbar tett med Vindafjord Jakt- og Fiskelag, ulike grunneigarlag, bønder, grunneigarar, Haugaland vassområde og Frivillige tiltak i landbruket på Haugalandet i tiltaksgjennomføringa som går i gang i 2021.

Kontaktinformasjon

Sven-Kato Ege
Vassområdekoordinator for Haugaland vassområde
E-post
Mobil 476 75 739
Harald Olav Stuhaug
Rådgjevar landbruk
Areal og forvaltning
E-post
Mobil 992 36 114